Hopp til innhold

– Sandstø ny hovudtrenar i Jerv

Ifølgje Agderposten blir Arne Sandstø ny hovudtrenar i FK Jerv.

Arne Sandstø

Arne Sandstø skal vere Jerv sin nye trenar, ifølgje Agderposten.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Avisa viser til kjelder nær fotballklubben Odd der Sandstø i dag er spelarutviklar.

NRK har førebels ikkje lukkast med å komme i kontakt med Sandstø.

Sandstø har tidlegare trent Start, Løv-Ham, Sandefjord og Notodden.

Vil ikkje kommentere

– Eg har ingen kommentar til det per no. Vi er einige med klubb og trenar om at vi kjem ut med dette i morgon klokka halv eitt. Det er fordi vi må klarere ein del ting internt i begge klubbar, seier sportsleg leiar i Jerv, Cosmo Collett til NRK.

– Så dette er ein trenar som er under kontrakt med ein annan klubb?

– Dette er ein trenar som jobbar i ein annan klubb, seier han.

1. divisjonsklubben har jakta ny trenar etter at Steinar Pedersen forlet klubben til fordel for Start rett før jul.

Leita også utanlands

Ifølgje Collett har klubben leita både i Norge og i utlandet etter ny trenar. Ifølgje TV2 skal Petter Belsvik ha vore ein av kandidatane til å ta over klubben som spelte kvalifisering til eliteserien denne sesongen.

– Vi har brukt mykje tid og har jobba med tre-fire kandidatar dei siste ti dagane. Vi har vi landa på ein trenar som vi er veldig nøgde med, seier han.

– Har de fått førstevalet dykkar?

– Vi har vurdert mange gode trenarar. Dette er absolutt valet vi ville falle på. Vi er veldig nøgde med det som kjem ut til folket i morgon, seier Collett.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %