Hopp til innhold

Mathisen må stå over: – Reglane er rare

Start-midtstoppar Jesper Mathisen må stå over søndagens kamp mot Strømsgodset på grunn av karantene. Mathisen er kritisk til fotballforbundet sine utestengingsreglar.

Start-midtstoppar Jesper Mathisen må stå over søndagens kamp mot Strømsgodset på grunn av karantene. Men Mathisen er kritisk til fotballforbundet sine utestengingsreglar.

VIDEO: Jesper Mathisen må stå over søndagens kamp mot Strømsgodset.

Jesper Mathisen har fått tre gule kort på dei 27 kampane han har vore involvert i denne sesongen.

– Eg tykkjer det er litt rare reglar at ein må stå over. Det er eitt gult kort kvar niande kamp, og eg tykkjer ikkje det er så veldig stygt. Men slik er regelverket, seier Mathisen til NRK.

I tapet mot Rosenborg førre helg pådrog Mathisen seg sitt tredje gule kort for sesongen. Tre gule kort betyr at han ikkje får spele mot serieleiar Strømsgodset søndag.

– Når du spelar i forsvar blir det nokre kort i løpet av ein sesong. Eg skulle kanskje hatt fleire, så slik sett har eg kanskje sluppe billeg unna, seier han.

– Tre gule på 27 kampar er eigentleg ingenting. Det er eigentleg for lite, seier han.

Start-trenar Mons Ivar Mjelde må i tillegg klare seg utan Gudmundur Kristjansson i oppgjeret mot Godset.

– Eg håpar og trur at det ikkje skal bety allverda i ein enkeltkamp. Gummi og Jesper er tilbake mot Lillestrøm. Vi må ha fokus på dei som er klar til å spele og ta det derifrå, seier Mjelde.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %