Hopp til innhold

– Politikarar mobbar tilsetje

Tilsetje i Flekkefjord kommune anklagar politikarar for mobbing. I eit lesarinnlegg tek samfunnsplanleggar i kommunen, Rolf Terje Klungland, eit oppgjer med politikarar han meiner mobbar.

Ansatte i Flekkefjord kommune anklager enkelte politikere for mobbing. I et leserinnlegg tar samfunnsplanlegger i kommunen, Rolf Terje Klungland, et oppgjør med politikere han mener mobber.

I eit lesarinnlegg i Avisen Agder skriv samfunnsplanleggjar og næringssjef i Flekkefjord kommune, Rolf Terje Klungland, at enkelte politikarar mobbar tilsetje i kommunen.

Ordfører Jan Sigbjørnsen

Ordførar i Flekkefjord, Jan Sigbjørnsen, meiner politikarane må akte orda dei bruker.

Foto: Lars Eie / NRK

Saka hamnar på bystyret sitt bord på torsdag.

Ordførar i Flekkefjord, Jan Sigbjørnsen, tek lesarinnlegget i betraktning og seier dei må akte orda dei bruker.

– Enkelte gonger snakkar vi kanskje før vi tenkjer oss om. Vi må vere på vakt og passe på orda vi bruker. Når vi er i den situasjonen vi er når vi sit i eit politisk møte, så er vi sånn sett ein offentleg person.

Har tidlegare refsa Klungland

Klungland ønskjer ikkje å kommentere saka. I lesarinnlegget frå Klungland heiter det blant anna:

«.. Likevel mobbar og trakasserer politikarane dei tilsetje ... »

Bystyrepolitikar Stian Birkeland synest ikkje noko om anklagane om mobbing, og har tidlegare refsa Klungland framfor formannskapet.

– Formelt så er det rådmannen vi vender oss til. Men i den situasjonen vi hadde i formannskapet så var det naturleg å oppfordre næringssjefen til å arbeide endå hardare.

– Begge partar må følgje spelereglar

Rådmann i Flekkefjord kommune, Bernhard Nilsen, er den øvste administrative leiaren. Han følgjer nøye med på debatten, som også har gått føre seg i sosiale medium.

– Eg tenkjer at vi har eit felles mål om utvikle Flekkefjord, både politikarar og administrasjon. Då handlar det om at begge partar må følgje nokre enkle spelereglar.

Nilsen seier respekt er viktig i slike situasjonar.

– Det handlar om å ha respekt for kvarandre si rolle, og at vi er bevisste begge vegar på korleis vi omtalar kvarandre.

Rolf Terje Klungland

Samfunnsplanleggjar og næringssjef i Flekkefjord kommune, Rolf Terje Klungland, meiner enkelte politikarar mobbar tilsetje i kommunen.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %