Hopp til innhold

– Pasientar skal ha beskjed om feilbehandling

Helseminister Bent Høie slår fast at pasientar som har blitt feilbehandla skal ha beskjed om det.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H)

Helseminister Bent Høie understrekar at feilbehandla pasientar har rett på å få vite om det.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

– Dersom det etter at behandlinga er avslutta, vert oppdaga at pasienten kan ha blitt påført betydeleg skade som følgje av helsehjelpa, skal pasienten om mogleg informerast om dette, skriv Bent Høie i eit skriftleg svar til Audun Lysbakken (SV).

SV-leder Audun Lysbakken i vandrehallen

SV-leiar Audun Lysbakken.

Foto: Onsøien, Ole Gunnar / NTB scanpix

Tidlegare i år fortalde NRK om legen som ikkje lenger får drive sjølvstendig legeverksemd etter fleire klagesaker frå pasientar.

Behandla 12 tilsynssaker

Statens helsetilsyn meiner at 38 pasientar har fått uforsvarleg behandling av den kvinnelege legen.

Mellom 2003 og 2013 behandla fylkesmannen i Vest-Agder 12 tilsynssaker mot legen.

I etterkant kom det fram at Helsetilsynet ikkje har plikt til å informere pasientar som er feilbehandla av ein lege. I november bad SV-leiar Audun Lysbakken helseministeren om å rydde opp.

– Skal sjølvsagt få beskjed

– Vi kan jo ikkje ha det slik at det er berre opp til den som har gjort feil å rydde opp etter seg. Då risikerer vi at folk aldri får beskjed. Dette blir rett og slett for dumt, sa Lysbakken til NRK.

No har altså svaret frå helseministeren komme.

– Stortingsrepresentanten reiser eit viktig spørsmål som har eit klart svar: pasientar skal sjølvsagt få beskjed dersom dei har vore utsett for feilbehandling, skriv Høie.

Statsråden viser til pasient- og brukarrettigheitslova § 3–2 som slår fast at pasientar og brukarar mellom anna har rett til informasjon ved påført skade eller alvorlege komplikasjonar.

Høie vurderer tiltak

Høie skriv også i brevet at det skal informerast om moglegheita til å søke om erstatning hos Norsk Pasientskadeerstatning.

– Helsedirektoratet gav i juli i år ut ein rettleiar om pasientar, brukarar og næraste pårørande sin rett til informasjon ved skade eller alvorlege komplikasjonar som utdjupar regelverket, skriv Høie.

– Eg vil be Helsedirektoratet vurdere om det er behov for ytterlegare tiltak for å gjere regelverket kjent, skriv han i svaret til Lysbakken.

– Burde gitt kommunen beskjed

Pasient- og brukarombod i Aust-Agder, Eli Marie Gotteberg, seier at Høie sitt svar er ein korreksjon av Helsetilsynet sin praksis.

– Eg forstår det slik at når ein lege ikkje sjølv seier ifrå om feilbehandling er det andre som skal gjere det. I dette tilfellet er det kommunen og tilsynet sjølv som må gjere det, seier ho.

Gotteberg meiner det er særs urimeleg at pasientar ikkje skal få informasjon om at dei er feilbehandla når fastlegen deira misser retten til å vere fastlege og difor også misser retten til å informere pasientane.

– Helsetilsynet burde ha sagt ifrå til kommunen om at det var ei gruppe pasientar som er feilbehandla og at dei må følgjast opp, seier Gotteberg.

Eli Marie Gotteberg

Pasient- og brukarombod i Aust-Agder, Eli Marie Gotteberg.

Foto: Geir Ingar Egeland / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Feiret Eid med bønn og kake i Kristiansand 01:53
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,52 kr
Dyrest kl. 07 2,82 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %