Hopp til innhold

– Overraskande låg motstand mot fylkessamanslåing

45 prosent av aust-egdene er imot ei samanslåing med Vest-Agder. 39 prosent er for.

fylkesgrense

Debatten om fylkessammenslåing pågår både i Aust- og Vest-Agder.

Foto: Ill: Kari Løberg Skår / NRK

Det viser ei meiningsmåling Respons Analyse har gjort for Fædrelandsvennen og NRK Sørlandet.

– Eg er overraska over kor liten skilnad det er på kor mange som svarar for eller imot samanslåing. Samstundes ser vi at mange framleis ikkje har bestemt seg for kva dei vil, seier Svein Sundsdal som er politisk reporter i NRK Sørlandet.

Vidar Udjus

Vidar Udjus er politisk redaktør i Fædrelandsvennen.

Foto: Thomas Sommerset / NRK

– Det er overraskande låg motstand i Aust-Agder samanlikna med folkeavstemninga i 2011, seier politisk redaktør i Fædrelandsvennen, Vidar Udjus til NRK.

17 prosent veit ikkje

Under folkeavstemninga om fylkessamanslåing i 2011 stemte nesten 70 prosent av aust-egdene mot ei samanslåing.

– Ei årsak kan vere at regjeringa seier at dei vil ha færre regionar. I tillegg til at ein del kommunar kan komme til å byte fylke til Vest-Agder dersom dei slår seg saman med kommunar på vestsida, seier Udjus.

17 prosent svarar at dei ikkje er sikker på om dei vil slå seg saman med naboen i vest eller ikkje.

Laster innhold, vennligst vent..

Dei yngste mest kritiske

I undersøkinga går det også fram at motstanden er størst blant dei yngste i Aust-Agder.

49 prosent av dei under 30 år svarar at dei er imot samanslåing med Vest-Agder.

– Eg har ikkje noko godt svar på kvifor det er slik. Eg kan ikkje forstå det. Det kan ha noko med identitet å gjere, men det er overraskande, seier Udjus.

I aldersgruppa 45-59 år svarar 55 prosent at dei er for ei samanslåing med naboen i vest.

Størst motstand aust i Aust-Agder

I undersøkinga er Aust-Agder delt inn i tre regionar for å sjå om det er geografiske skilnader innad i fylket.

Motstanden er størst i region aust, som omfattar Gjerstad, Risør, Tvedestrand, Vegårshei, Arendal, Froland og Åmli.

Der er 54 prosent mot samanslåing.

– Delvis har det med sjukehuset og gjere. Ein del fryktar nedbygging. Så er det nok ein delvis refleks av alle samanslåingsdebattar der alle område helst vil vere i sentrum. Jo lenger vekk ein kjem ifrå geografisk sentrum, jo større er skepsisen, seier Udjus.

– Det er historiske grunnar til motstanden lengst aust. Sjukehussaka er nok den største og viktigaste saka. Den har enorm innflytelse på debatten om fylkessamanslåing. Det slår hardt inn og har vore øydeleggjande for prosjektet, seier Sundsdal.

Laster innhold, vennligst vent..

Flest for i Setesdal

I setesdalskommunane er dei fleste for ei samanslåing med Vest-Agder.

Svein Sundsdal

Svein Sundsdal er politisk reporter i NRK Sørlandet.

Foto: NRK

– Det er ikkje så overraskande. Det kjenner vi frå tidlegare også. Dei har ei orientering mot Kristiansand, seier Sundsdal.

I Vest-Agder er flest av dei spurte for ei samanslåing med Aust-Agder.

54 prosent svarar at dei er for samanslåing, medan 25 prosent svarar at dei er imot. 21 prosent har svart at dei ikkje er sikre.

Motstanden er størst vest i Vest-Agder der 38 prosent av dei spurte er imot ei samanslåing med Aust-Agder.

I neste veke skal fylkestinga i begge fylka ta stilling til spørsmålet om fylkessamanslåing. Tysdag skal saka behandlast i Aust-Agder, medan fylkespolitikarane i Vest-Agder behandlar saka dagen etter.

– Dette vil vere ei veldig vitamininnsprøyting for dei som vil ha eitt Agder. No verkar det kanskje ikkje så urealistisk likevel, vil nok nokon meine, seier politisk reporter i NRK, Svein Sundsdal.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %