Hopp til innhold

– Oppryddinga av oljen vil ta tid

Det vil ta opp mot to veker å gjere ei grovrensing av tidenes verste oljesøl langs sørlandskysten. Først etter det kan fin-rensinga av oljen frå Godafoss-forliste starte.

Oljeopprydding på Sørlandet

OLJE: Ryddemannskapa legg bark på steinar og berg for å samle opp oljen. Oppryddingsarbeidet vil ta tid.

Foto: NRK

Thomas Granfeldt

Thomas Granfeldt

Foto: Einar Kleveland / NRK

– Viss ikkje det kjem inn meir olje vil det vere cirka 14 dagars arbeid att, seier Ove Frigstad som leiar oppryddingsarbeidet til NRK.no.

Han er ikkje uroa for skadene langs land etter oljeutsleppet frå Godafoss-forliset.

– Det viser seg at miljøet ikkje tek så stor skade, men det er kostbart og heilt unødvendig. Tragisk kallar eg det, seier Frigstad.

Trappar opp

Knoppsvane med olje

SKADA: Det er funne fleire skadde sjøfuglar som er tilgrisa med olje. Mange fuglar er avliva. (Arkivfoto)

Foto: Carl Erik Kilander / SNO

Laurdag har 32 personar og fem fartøy vore i sving for å rydde opp oljesølet.

– Vi er i fullt arbeid og held på til mørkret stoppar oss. Trass i at det er helg klarar vi å tappe opp arbeidet. Eg er stolt av denne gjengen, seier innsatsleiar i Midt-Agder IUA, Thomas Granfeldt til NRK.no.

Han fortel at sårbare miljøområde og hekkeområde for sjøfugl vert prioritert. Granfeldt reknar med at det er samla inn mellom 6 og 8 tonn tjukk olje.

– Vi held på med grovrensing og gnir bark inn i steinar og fjell. Barken trekkjer til seg olje, så det går store mengder bark med til dette, seier han.

Video Dyrt opprydningsarbeid

DYRT: Kostnadene på opprydningsarbeidet etter Godafoss-forliset har allerede rundet 100 millioner kroner. Se video!

Stadig meir olje

Mannskapet får seg stadig overraskingar der meir olje dukkar opp.

Dag Rosseland med oljeskadet fugl

FUGLAR: Dag Rosseland har funne fleire døde fuglar som er tilgrisa med olje. (Arkivfoto)

Foto: Carl Erik Kilander / SNO

– Snøen og isen er i ferd med å smelte. Så det kjem fram olje både her og der. Det er utfordrande, seier Granfeldt.

Granfeldt er særs imponert over gjengen som jobbar for å fjerne oljen.

– Eg er imponert over Kristiansand kommune sine folk som er i sving, og som brukar helga på dette. Brannfolka som er med er særs profesjonelle og leiar arbeidet på ein utruleg god måte. Eg er stolt over arbeidet som vert gjort. Denne gjengen fortener skryt, seier han.

Fredag kom det fram at oljefunna er dobbelt så store som etter Full City-ulykka i 2009. Dermed er vi vitne til tidenes verste oljesøl langs sørlandskysten nokonsinne.

Oljepåslag etter Godafoss-forliset

PÅSLAG: Det er registrert rundt 30 oljepåslag langs sørlandskysten. Det er rundt Kristiansand det er registrert flest påslag.

Foto: Kart: Statens Kartverk (Kystverket) Montasje: Sander Heggheim/NRK

Tøffe forhold

Arbeidsforholda er vanskelege for mannskapa som er ute for å få inn oljen.

– Det er ein tung bunkersolje som i utgangspunktet er veldig seig og tjukk, seier Frigstad.

Godafoss gjekk på grunn ved Norges einaste marine nasjonalpark utanfor Hvaler for to veker sidan.

– Kor lang tid det vil ta å få opp all oljen er vanskeleg å seie, seier Thomas Granfeldt.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %