Hopp til innhold

– Oljen blir meir og meir grisete

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Det hastar med å få rydda opp eit av tidenes største oljesøl på Sørlandet. For kvar dag som går vil oljen bli vanskelegare å handtere. Totalt er rundt 32 tonn olje samla opp frå Vestfold til Vest-Agder.

Brannsjef Jon Inge Aasen

Jon Inge Aasen

Foto: Odd Rømteland / NRK

– På denne årstida er det rimeleg kaldt og olja er forholdsvis tjukk. For kvar dag som går blir oljen meir og meir grisete og flyt meir og meir ut. Det vil bli større arbeid å fjerne den, seier brannsjef Jon Inge Aasen i Brannvesenet Sør til NRK.no.

Fryktar meir olje

Det siste oljefunnet var like aust for Lindesnes fyr onsdag. Funnet stammar frå Godafoss-forliset og kan vere det største påslaget på Sørlandet nokon gang.

– Vi er ferdige med grovrensinga. Men vi fryktar at det kan dukke opp meir olje. Vi er litt nervøse for at det kan liggje meir olje under vassflata, seier Ove Frigstad i Østre Agder Brannvesenen.

I Aust-Agder er det samla opp mellom 12 og 13 tonn råolje. Ved Ryvingen i Mandal vart det berre i førre veke teke opp 6 tonn bunkersolje. Totalt er det samla inn opp mot 9 tonn olje vest for Søgne. I Vestfold er det samla inn rundt 3 tonn olje (sjå oversikt under).

Så mykje olje er samla inn

Stad

Mengde

Tjøme - Risør

Ca 3 tonn

Risør - Lillesand

Ca 13 tonn

Lillesand - Søgne

Ca 8 tonn

Søgne - Lindesnes

Ca 8,5 tonn

Totalt

 Ca 32,5 tonn

Fleire i sving

Ifølgje Kystverket er det registrert tilsaman 60 oljepåslag langs sørlandskysten. Det er kun i Vest-Agder ein framleis driv med grovrensing av olje i strandsona.

– Det er reint handarbeid. Vi fjernar olje og tilgrisa tang. Vi tek det opp i sekkar og får det på land, seier han.

Onsdag hadde brannvesenet eit mannskap på åtte personar i sving. Torsdag vil ytterlegare tre vere med i oppryddingsarbeidet.

– I går fekk vi opp cirka 500 kilo olje og tang. Så la vi ut lenser for å sikre at det ikkje går ut igjen i sjøen, seier Aasen.

Video Tilgriset av olje

VIDEO: Sjå video frå oppryddingsarbeidet.

Død sjøfugl

Brannmannskapa vil halde fram arbeidet som vart starta i går.

– Det vil bli mykje meir etterarbeid jo lenger vi kjem ut i sesongen, seier Aasen som etterlyser hjelp.

– Folk må gi beskjed dersom dei oppdagar oljesøl, seier han.

Det vart også funne skada og død sjøfugl onsdag. Det er uklart kor mykje sjøfugl som er skada eller drept som følgje av oljesølet.

800 tonn råolje

Olje oljesøl

TUNGT: Mange har stått på for å få opp oljen.

Foto: Erik Wiig Andersen / NRK

Det islandske containerskipet Godafoss grunnstøtte torsdag 17. februar utanfor Hvaler. Skipet hadde 800 tonn tungolje om bord. Det var registrert lekkasje i to tankar med 250 tonn olje i kvar tank.

Oljesølet er tidenes verste oljesøl langs sørlandskysten. Ved Ryvingen utanfor Mandal kosta det 70 000 kroner dagen å rydde opp sølet. I slutten av februar fekk Kystverket 110 millionar kroner i statsråd til oppryddinsarbeidet.

I Vest-Agder vert det no jobba på spreng for å unngå at oljen vil spreie seg vidare.

– Skrekkscenarioet er at vi skal miste oljen og at den går inn på ein ny plass, seier Jon Inge Aasen.

Carl Erik Kilander med død fugl

SJØFUGL: Carl Erik Kilander frå Statens Naturoppsyn viser fram død sjøfugl som var funne onsdag.

Foto: Odd Rømteland / NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %