Hopp til innhold

– Norge kan bli ein datalagringsgigant

Norge kan bli ein gigant på datalagring og er attraktive for store selskap, meiner ekspertar. IT-klynga Digin meiner Sørlandet kan bli «hovudstad» for datalagring.

Skisser fra Bulk Eiendom

Det er allereie lagt fram skisser for eit datalagringssenter i Vennesla. Skal det bli ein realitet må det på plass ein fiberkabel mellom Sørlandet og kontinentet.

Foto: Skisser fra Bulk Eiendom

John Lennart Krohn

John Lennart Krohn er styreleiar i IT-klynga Digin.

Foto: Digin

– Vi har rikeleg med tilgang på grøn kraft og vi har kort avstand til kontinentet. Difor er Sørlandet godt eigna til datalagring, seier styreleiar John Lennart Krohn i Digin, som er ei av Norges største IT-klynger med tilhald på Sørlandet.

Behovet for datalagring er stort og aukar enormt kvar einaste dag.

I løpet av eitt minutt vert det lasta opp 48 timar video på Youtube, skrive 100 000 Twitter-meldingar og det vert sendt og motteke over 200 millionar e-postar. Dette kan i framtida hamne på Sørlandet.

Per Morten Hoff

Generalsekretær i IKT Norge, Per Morten Hoff.

Foto: Gaute Zakariassen / NRK

Stadig mindre data vert lagra lokalt på datamaskiner og serverar i bedrifter og kommunar.

Dokument vert lagra i «nettskyer», film filmar vert strøyma over internett. Det gjer at lagringsbehovet aukar kvart einaste minutt.

Fagfolk åtvarar no mot at Norge kan gå glipp av milliardar av kroner dersom fiberkablar til utlandet ikkje vert bygd. Pengane kan i staden hamne i Sverige og Finland som allereie har kablar ut på kontinentet.

Enorme datamengde

Dei nordiske landa vert sett på som ideelle for datalagring på grunn av god tilgang på kraft og låg temperatur. Ifølgje bransjeorganisasjonen IKT Norge står store internasjonale selskap klare til å kjøpe lagringsplass.

– Dette er kanskje eitt av dei største vekstområda i verda. Datamengdene veks ekstremt. Det vil bli ei utruleg stor næring, seier generalsekretær i IKT Norge, Per Morten Hoff.

Det er planlagt ein ny straumkabel frå Sørlandet til Tyskland. Etter planen skal denne stå klar i 2018. Men det ligg ikkje inne i konsesjonen å bygge ein fiberkabel på same tid.

Kjell Ingolf Ropstad

Stortingsrepresentant Kjell Ingolf Ropstad.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Alle stortingspolitikarane på Agder har no sendt eit brev til samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen der dei ber om at ein slik kabel vert teke med når bygginga startar. Ekstrakostnadene tilsvarar kring ein prosent av den totale investeringa.

– Det er bokstaveleg tala ein dråpe i havet, seier stortingsrepresentant Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Tidlegare har Statnett sagt nei til fiberkabel. Dei krev at kommersielle aktørar forpliktar seg til å dekke alle ekstrakostnader. Etter påtrykk frå politikarar og IKT Norge er dei no i gang med ei samfunnsøkonomisk analyse av ein slik kabel.

– Dersom Norge skal posisjonere seg i kamp mot andre land, så vil kabelen vere avgjerande, seier stortingsrepresentant Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Skisser fra Bulk eiendom
Foto: Skisser fra Bulk eiendom

Nordisk konkurranse

Det er også planlagt ein straumkabel mellom Kvilldal i Rogaland og Storbritannia. Heller ikkje her ligg ein fiberkabel inne i prosjektet. Også her har politikarane samla seg og klaga på avgjerda til Statnett om å droppe fiberkabel.

Google har allereie etablert seg i Finland, medan Facebook har kjøpt datalagringsplass i Sverige.

I ein hall i Luleå på nesten 30 000 kvadratmeter vert mykje av trafikken frå 800 millionar Facebook-brukararar drifta. Senteret har gitt Luleå 900 arbeidsplassar til no.

For å få store selskap til å etablere seg i Norge må det byggast kablar ut på kontinentet. Først då vil ein kunne kjempe om store kontrakter. IKT Norge trur også at Norge kan bli meir attraktivt enn naboen i aust.

– Det vil auke sjansane betydleg rett og slett fordi Sverige har ei lov som ein del selskap set lite pris på. Lova gjer svenske styresmakter lov til å «sniffe og snuse» på nettet om det er noko som angår svenske interesser, seier han.

Tarald Myrum

Leiar i Setesdal regionråd, Tarald Myrum.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Vennesla, Setesdal og Ryfylke har vist stor interesse for å bygge datalagrinssenter med ein kabel på plass. Vennesla har allereie lagt fram skisser av eit senter.

Leiar i Setesdal regionråd, Tarald Myrum, fryktar ikkje konkurranse frå andre regionar om eit slikt senter.

– Det er heilt naturleg med konkurranse. Vi føler at vi ligg strategisk greit plassert og at vi hevdar oss godt i den konkurransen, seier han.

Difor er Norden perfekt

Store selskap jaktar mellom anna stabil temperatur og god tilgang på miljøvenleg kraft når dei skal kjøpe datalagring. Difor vert dei nordiske landa sett på som perfekt.

– Vi har 97 prosent rein straum basert på vasskraft i Norge. Vi har eit stabilt politisk klima. Vi har ikkje jordskjelv. Vi har kaldt klima, som gjer at det krevst mindre straum for å kjøle ned serverane, seier Hoff i IKT Norge.

John Lennart Krohn i Digin spår ei lys framtid for kommunane og regionane som får eit datalagringssenter. Eit slikt senter kan, som i Luleå i Sverige, generere fleire hundre arbeidsplassar og store inntekter.

Mange er uroa for kva Norge skal tene pengar på etter at oljeeventyret er over. Krohn meiner at datalagring kan vere eit viktig supplement i framtida.

– Vi kan ikkje stå og sjå på at toget går. Det no vi må rette blikket fram. Datalagring kan bli neste generasjon industribedrifter og vil kunne ta over for oljerelatert business. Men då snakkar vi langt fram i tid, seier han.

Kart kraftkabler

Billegast i Europa

Finland har allereie sett ned el-avgifta. Sverige har lova at dei vil gjere det same. No håpar IKT Norge at det same skjer i Norge.

– Då vil vi få den desidert billegaste straumen i Europa. Det vil kunne opne for ein heilt ny grøn industri i Europa, seier Hoff.

– Heile verda er pålagt å redusere CO2-utslepp. Her kan faktisk Norge bidra i det globale verdsbilete gjennom miljøvenleg energi, seier Krohn.

– Sørlandet har nokre av landets fremste selskap på datasikkerheit. I kombinasjon med sterkare infrastruktur og eit nytt datasenter, gjer dette unike moglegheiter for vidare vekst, seier Krohn.

I dag går 80 prosent av all datatrafikk til Norge gjennom Sverige. IKT Norge meiner det også Norge til slutt kan bli «tvunge» til å legge eigen kabel.

– Kommunikasjonen tusendoblar seg kvart femte år. Vi kan jo også risikere at dei svenske fiberkablane vert fulle og at vi då ikkje har alternativ. Det hastar rett og slett med å få på plass ei direktelinje til kontinentet, seier Hoff.

700 offentlege datasenter

Han meiner også at det fins store kundar i Norge.

– Det offentlege må tenke samlokalisering av datalagring. Det er 700 offentlege datasenter i Norge. Det er særs dårleg samfunnsøkonomi og dårleg miljøpolitikk. Her er det store potensielle kundar for datasenter på Sørlandet og andre stader, seier han.

IKT Norge er glad for at kommunar mellom anna i Rogaland og Agder har meldt seg på i kampen om å bygge eit datalagringssenter.

– Vi heiar på alle lokasjonar. Måtte den beste vinne, seier Hoff.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %