Hopp til innhold

– Norge i ferd med å bli taparen

For kvar dag som går utan ein fiberkabel til kontinentet er Norge eit steg nærare å tape datalagringskampen mot nabolanda, meiner fleire i databransjen.

Kart Statnett 1

Det skal byggjast straumkabel frå Sørlandet til Tyskland og frå Rogaland til Storbritannia. No er spørsmålet om det skal byggjast ein fiberkabel samstundes.

Foto: Kart fra Statnetts rapport

– Eg er redd for at toget er i ferd med å forlate stasjonen for Norge sin del. Vi har sett både Facebook og Apple gå til nabolanda. Tapar vi dei neste store fiskane trur eg mykje av løpet kan vere køyrt, seier generalsekretær i IKT Norge, Per Morten Hoff til NRK.

Per Morten Hoff

Per Morten Hoff i IKT Norge kjempar for fiberkabel til utlandet.

Foto: Gaute Zakariassen / NRK

Han fryktar at Norge skal gå glipp av tusenvis av arbeidsplassar og milliardar av kroner på sikt.

Han snakkar om store firma som Apple, Google og Facebook som er på jakt etter plassar for å lagre data med grøn kraft.

– Stort behov

Onsdag la Statnett fram sin utgreiingsrapport om ein fiberkabel paralelt med straumkabel frå Sørlandet til Tyskland og frå Rogaland til Storbritannia. Konklusjonen er at det er gjennomførbart, men både krevjande og dyrt.

– Det handlar om å gjere dette no. Det er no toget går. Det blir for kostbart å byggje kabelen på eit seinare tidspunkt. Den må byggjast saman med straumkabelen, seier John Lennart Krohn i Digin.

Trond Schrader Kristiansen

Trond Schrader Kristiansen, prosjektleiar Grøne datasenter på Sørlandet.

Foto: NRK

Trond Schrader Kristiansen er prosjektleiar i Grøne datasenter på Sørlandet. Han meiner ikkje at det hastar.

– Datasenterbransen i verda veks med over ti prosent i året. Behovet for kraft og grøn kraft er veldig stor. Det blir behov for det også i 2020 når straumkabelen er på plass, seier Kristiansen.

Dei nordiske landa eignar seg spesielt godt til datalagring på grunn av god tilgang på grøn kraft og låge temperaturar.

Apple valde Danmark med norsk kraft

I motsetnad til nabolanda Sverige, Danmark og Finland har ikkje Norge fiberkabel ut på kontinentet.

Apple har slått seg ned i Danmark. Danmark kjøper grøn kraft frå Norge som vert brukt til å drifte datalagringssenteret.

– Det er i seg sjølv skandaløst. I dag sel vi grøn kraft til utlandet for å drive datasenter, seier Krohn i Digin.

Han meiner at mange politikarar ikkje forstår kor viktig det er å byggje ein fiberkabel.

– Mange snakkar om nettskyer, men det er ikkje mange som veit kvar skya er. Ein må slutte å leggje halvvegs til rette, seier han.

Jaktar ekstern finansiering

Statnett vil no gå vidare for å sjå om det er lønnsamt å legge fiberkabel saman med dei planlagde straumkablane.

– Vi ynskjer likevel å gjennomføre ein marknadstest og undersøke om det er eksterne aktørar som vil finansiere eit slikt prosjekt, sa konserndirektør i Statnett, Håkon Borgen til NRK onsdag.

Torsdag vert den første spaden sett i jorda på det som skal bli eit gigantisk datalagringssenter på Støleheia i Vennesla. Der er blant andre klima- og miljøminister Tine Sundtoft på plass.

I løpet av ein tiårsperiode kan datalagringssenter skape opp mot 3500 arbeidsplassar berre på Sørlandet, ifølgje Grøne datasenter på Sørlandet.

Datalagring hos Green Mountain

Inne i eit fjell i Rogaland vert mellom anna informasjonen til 1,9 millionar DNB-kundar lagra.

Foto: Sebastian Winum Storvik/NRK
null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %