NRK Meny
Normal

– Noko er akutt feil med sjukehusleiinga

Reaksjonane er sterke i Flekkefjord etter at det vart klart at akutte mageoperasjonar skal flyttast til Kristiansand.

Sigmund Kroslid

Sigmund Kroslid reagerer sterkt på at operasjonar vert flytta frå Flekkefjord til Kristiansand.

Foto: Odd Rømteland / NRK

– Dette stemmer ikkje med møtet vi hadde med sjukehusleiinga for ei veke sidan. Det må vere noko akutt feil med sjukehusleiinga i Kristiansand, seier Sigmund Kroslid til NRK.

– Kva vart sagt i dette møtet?

– At det ikkje skulle skje nokon endringar av vesentleg karakter, seier han.

Viser til trening og erfaring

Kroslid er tidlegare ordførar i Flekkefjord og er no leiar i aksjonskomiteen for sjukehuset i kommunen. Han vart særs opprørt då NRK formidla nyheita om at operasjonane skal flyttast til Kristiansand.

Sjukehusleiinga forklarar flyttinga mellom anna med at sjukehuset i Flekkefjord har for få operasjonar til at legane får god trening og erfaring.

Leiinga peikar også på fleire avvikssaker.

– Dei vanskelegaste og komplekse pasientane og riskofylte operasjonar skal vi gjere i det miljøet som har best trening på det, og har mest volum, seier fagdirektør Per Engstrand til NRK.

Per Engstrand

Fagdirektør Per Engstrand.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Ei vesentleg endring

Den forklaringa kjøper ikkje Sigmund Kroslid i aksjonsgruppa. Han viser til at helseministeren har sagt at det ikkje skal skje vesentlege endringar i sjukehusstrukturen før ein nasjonal sjukehusplan er klar.

– Eg oppfattar dette som ei vesentleg endring. Sjukehusleiinga får svare for det dei held på med, men det er ikkje til særleg glede, seier Kroslid.

– Dette handlar om pasientsikkerheit og kvalitet som går uavhengig av dei strukturelle diskusjonane. Her har det vore hendingar over 1-2 år som er av ein slik art at vi er nøydde til å ta umiddelbare konsekvensar. Vi må først og fremst ha kvalitet- og pasientfokus, seier Engstrand.

Fryktar smerte for pasientar

Overlege og avdelingsleiar Marcus Gürgens ved sjukehuset i Flekkefjord fryktar konsekvensar for pasientar som skal transporterast frå Flekkefjord til Kristiansand.

– Dette kan bety venting i Kristiansand og transport med sterke smerte, seier han til avisa Agder.

– Det handlar om å gje kontrollert smertelindring under transport, svarar Engstrand.

– Er det noko akutt feil med sjukehusleiinga, slik Kroslid seier?

– Det må han svare for sjølv, seier Engstrand.

Sigmund Kroslid varslar no at han vil ta saka opp med helseministeren.