– No må vi ikkje tappe bysentra meir

Eit framtidig outlet-senter kan få store konsekvensar, meiner næringssjef i Arendal. Han ber fylkeskommunen gi nei til Lillesand sin søknad om eit outlet i Sørlandsparken.

Vestby outlet

Førebels finst det eitt outlet i Noreg, og det er Vestby Outlet i Follo. Om Lillesand kommune får det slik dei vil, kan eit slik outlet òg kome i Sørlandsparken.

Foto: NRK

I framtida kan det kome eit outlet-senter på 10 000 kvadratmeter i Sørlandsparken. Konseptet som går ut på at ein sel utgåtte merkevarer til reduserte prisar er populært blant shoppingglade nordmenn. Ordførar i Lillesand, Arne Thomassen, er særs positiv til utbygginga. Men næringssjef i Arendal, Kåre Andersen, meiner dette vil svekkje bysentera.

Sørlandsbyane under press

I eit høyringsutsegn anbefaler Andersen saman med kommunalsjef Geir Skjæveland Aust-Agder fylkeskommune å seie nei til søknaden frå Lillesand kommune.

– Alle sørlandsbyane er under press når det gjeld å få etablert gode strukturar i sentrum. I den samanheng tykkjer vi at outlet-konseptet vil svekkje bysentera på Sørlandet ytterlegare.

Totalt sett negativt

Andersen trur ikkje at dei handlande vil ta turen innom sentrum for å shoppe etter å ha vore innom outletet.

– Næringsdrivande har gitt ei meir eller mindre unison tilbakemelding til politikarar og administrasjonen om at vi ikkje må tappe bysentera meir. Så til trass for at det sikkert kan ha nokre positive effektar med å opprette eit outlet i Sørlandsparken, så trur vi at dette totalt sett er negativt.