Hopp til innhold

– Nasjonalpark kan vere negativt

Sirdalsordførar Jonny Liland vil ha fakta på bordet før han bestemmer seg for om det er lurt å gjere om Setesdal Vesthei Ryfylkeheiene til nasjonalpark.

bossbu

Setesdal Vesthei Ryfylkeheiene landskapsvernområde kan bli nasjonalpark om ordføraren i Valle, Tarald Myrum, får det som han vil.

– Vi må vite meir om dette før vi bestemmer oss for kva vi går for. Det kan vere fordelar, men det kan og vere ulemper knytt til ein nasjonalparkstatus, seier Liland til NRK.

Jonny Liland

Sirdalsordførar Jonny Liland.

Foto: NRK/Svein Sundsdal

Fredag fortalde NRK at det vert jobba for å gjere om ein del av Setesdal Vesthei Ryfylkeheiene landskapsvernområde til nasjonalpark.

Valle-ordførar Tarald Myrum har bede kommuneadministrasjonen om å utgreie moglegheitene for ein nasjonalpark.

Kan trekke fleire turistar

Han peika mellom anna på at nasjonalparkstatus vil kunne trekke fleire turistar til området.

– Ein nasjonalpark er det som trekkjer internasjonalt. Sjå på Jotunheimen, Rondane og Hardangervidda. Dei har heilt andre attraksjonsverdiar, sa Myrum til NRK.

Myrum fekk støtte av både fylkesordføraren i Aust-Agder og fylkesmann Øystein Djupedal.

– Eg tykkjer det er veldig gledeleg. Ein nasjonalpark er ei heilt anna form for marknadsføring, som allereie ligg i landskapsvernområdet, sa Djupedal.

Men Liland fryktar at nasjonalparkstatus kan medføre negative konsekvensar.

– Det kan kanskje vere utfordringar knytt til stor trafikk. For stor trafikk kan gå utover verneverdiane vi er sett til å forvalte i verneområdet, seier ordføraren i Sirdal.

– Tanken er god

Eit notat er førebels lagt fram til drøfting i styret i verneområdet. Styret er sett saman med representantar frå alle kommunane i verneområdet.

– Skal ein gå til det skritt å søke om nasjonalparkstatus bør ein gjere det basert på faktakunnskap og god informasjon. Så må dei kommunestyra i dei enkelte kommunane involverast og takast med på råd. Tanken er spennande og god. Difor støttar eg at ein ser nærare på det, seier Liland.

NRK har vore i kontakt med Den Norske Turistforening, som førebels ikkje vil kommentere tankane om ein nasjonalpark.

Dersom området får status som nasjonalpark blir det den andre nasjonalparken i Agder. Det er allereie klart at Raet på kysten av Aust-Agder og Jomfruland i Kragerø blir nasjonalpark.

Arbeidet er i gang for å gjøre om en del av Setesdal Vesthei og Ryfylkeheiene landskapsvernområdet til en nasjonalpark.

Sjå intervju med Valle-ordførar Tarald Myrum og fylkesordførar i Aust-Agder, Bjørgulv S. Lund.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %