Hopp til innhold

– Moland og French snart heime

Ambassadør Jon Vea trur at Tjostolv Moland og Joshua French kjem heim til Noreg om ikkje lenge.

Joshua French og Tjostolv Moland

SNARLEG LØYSING: Ambassadør Jon Vea trur dei to dødsdømde nordmennene snart er heime i Noreg. (Arkivfoto)

Foto: Junge, Heiko / Scanpix

– Alle er innstillt på at denne saka bør få ein slutt no, også kongolesiske styresmakter, og at Tjostolv Moland og Joshua French må få komme til Noreg, seier Vea til Fædrelandsvennen.

– Alle naudsynte transaksjonar til dei pårørande er gjort og det skal ikkje vere fleire formelle hindringar for ei utlevering, seier Vea som er ambassadør i Den demokratiske republikken Kongo.

Meir optimistisk

Ifølgje avisa ligg saka no hos kongolesiske styresmakter. Det er jul også i Kongo og det kan difor ta noko lengre tid enn ein hadde håpa.

– Det er grunn til å vere meir optimistiske enn tidlegare til å finne ei løysing forholdsvis raskt, seier ambassadøren.

Også advokat Morten Furuholmen, som representerer dei to dødsdømde nordmennene, trur på ei snarleg løysing.

– Det vert jobba heile tida, men på mange plan, men vi er ikkje heilt i mål endå. Eg hadde håpa at vi skulle klare å få dei heim til jul. Det hadde vore eit naturleg skjæringspunkt, men det gjekk ikkje, seier Furuholmen.

Vil ikkje spekulere

Dei to vil ikkje spekulere i kva form for utlevering det kan bli. Dei norske styresmaktene har jobba mot ei soningsoverføring, som betyr at ei passande fengselsstraff skal sonast i Noreg.

– Eg ynskjer ikkje å spekulere i kva straffa kan bli, men eg kan sjå føre meg at avtala vil innehalde vilkår om ei minstestraff. Det viktigaste for oss er først og fremst å få dei heim, har departementsråd Morten Ruud i Justisdepartementet sagt tidlegare.

Ifølgje kjelder Fædrelandsvennen har vore i kontakt med skal det vere snakk om ei rein utvising frå landet, eller ei benåding. Då vil dei to nordmennene truleg komme heim som frie menn.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 0,87 kr
Dyrest kl. 20 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 4,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %