Hopp til innhold

– Marte var aldri ei barnestjerne

Skiskyttar Marte Olsbu var sjeldan på toppen av resultatlista som barn. No er ho blant Norges beste og kjempar om poeng i verdscupen.

Marte Olsbu

Marte Olsbu skal i aksjon i verdscupen i Østersund laurdag.

Foto: Olsen, Geir / NTB scanpix

Marte Olsbu

Marte Olsbu under ein konkurranse tidlegare i år.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Laurdag skal ho gå sprint under verdscupen i Østersund.

– Marte er ein fantastisk systematisk utøvar. Ho var ikkje noko barnestjerne og har gjort jobben sjølv. Det er fantastisk og nesten litt uverkeleg, seier Eivind Buckner som er leiar i skiskyttargruppa i Froland.

Olsbu er inne i sin første sesong på elitelandslaget i skiskyting.

Tok NM-gull

I fjor markerte ho seg for alvor i norgeseliten då ho gjekk inn til NM-gull på normaldistansen på Voss. Der slo ho mellom andre skiskyttardronninga Tora Berger. Ho tok også gull på sprinten under EM i Nove Mesto.

Under sesongopninga på Sjusjøen i midten av november vart ho nummer fire på sprinten.

Men det var ikkje sjølvsagt at sørlendingen skulle bli ein del av det norske landslaget. Ho starta med skiskyting som 13-åring og var ikkje ei av jentene som utmerkte seg.

– Marte er eit godt døme på at dersom ein gjer jobben, så kan ein nå toppen sjølv om ein ikkje er blant dei beste som ungdom, seier Buckner.

– Ufatteleg sterk mentalt

Skiskyttarleiaren seier at Olsbu er til stor inspirasjon for dei mange unge skiskyttarane i Froland.

– Vi har ein klubb med stor breidde og god rekruttering. Marte sine prestasjonar inspirerer og viser at det er mogleg å nå toppen. Samstundes gjer det motivasjon til leiarar og trenarar. Det minner oss også på at vi må ha fokus på både breidde og topp, seier han.

23-åringen fekk seg ein knekk under normaldistansen i Østersund torsdag. Olsbu enda heilt nede på 69. plass etter fire bom på standplass.

– Det var kjempetungt. Det var berre heilt forferdeleg, sa Olsbu til NRK etter løpet.

Buckner meiner at Olsbu kan slå tilbake og vere med i toppen allereie i laurdagens sprint i Østersund.

– Marte er ufatteleg sterkt mentalt. Det viste ho under NM då ho visste at ho kom til å vinne med fullt hus på siste skyting. Ho skaut ned alle blinkane og tok gullet. Det vitnar om at ho er utruleg sterk mentalt, seier han.

Trur på lysande framtid

Olsbu har som mål å komme med til VM seinare denne sesongen. Hovudmålet er å få gå VM-stafetten.

– Det har ho ei god moglegheit til å klare. Eg trur ho kan nå endå lenger enn det. Ho er veldig god på skytinga og er i ferd med å utvikle kapasiteten i sporet, seier han.

Olsbu vert trena av sambuaren Sverre Røiseland frå Kvinesdal.

Marte Olsbu om egne forventninger.

Sjå intervju NRK gjorde med Marte Olsbu før sesongstart.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,2 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %