Hopp til innhold

– Marcussen treng nye impulsar

NRKs friidrettsekspert Vebjørn Rodal meiner at Ida Marcussen bør få hjelp frå andre for å komme seg tilbake på nivået ho var på for fire år sidan.

Ida Marcussen

SLIT: Ida Marcussen sette personleg rekord på 100 meter hekk og på 800 meter under VM i Sør-Korea. I dei tekniske øvingane er ho langt unna personleg rekord.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Vebjørn Rodal

KRITISK: Vebjørn Rodal trur Marcussen må hente nye impulsar for å komme seg tilbake på eit betre nivå.

Foto: NRK
Ida Marcussen

MOTGANG: Dei fire siste åra har Ida Marcussen slite med å få resultat.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

– Fire år med mykje trening utan framgang tykkjer i alle fall eg er ein indikasjon på at ting må revurderast, og må revurderast ganske kraftig, seier Rodal til NRK.no.

– Ho har openbart eit stort talent som ikkje kan vente evig på riktig stimuli, seier han.

Med 20. plass og poengsummen 5911 i VM i Sør-Kora, var Marcussen langt unna sin eigen norske rekord på 6226 poeng. Spesielt i dei tekniske øvingane slit sørlendingen med å få resultat.

Mangla flyt

– Det er nokre ting som ikkje flyt i midten og det er noko vi må jobbe vidare med. Eg har snakka litt med Lukas og vi har eigentleg veldig lyst til å gå ein gang til, for eg føler at forma er veldig god. Det viser eg på hekk og på 800 meter. Forma er der i dei andre øvingane også, men det vil seg ikkje, sa Marcussen etter konkurransen.

Vi må gå fire år tilbake for å finne stemnet der Marcussen verkeleg lukkast sist. Ho vart nummer 11 i VM i Osaka og sette norsk rekord. Etter det har resultata uteblitt og kritikarane har blitt stadig fleire.

– Ho har openbart tett kontakt og dialog med trenaren sin. Kanskje burde dei har vore litt flinkare til å hente impulsar utanfrå, seier han.

Nektar å gi seg

Spesielt har det blitt stilt spørsmålsteikn ved trenar Lukas Udelhoven, og om han er rett mann. Kritikken har gått mykje på at Udelhoven ikkje vil dra inn andre trenarar.

I eit intervju med Aftenposten seier trenaren at det er uaktuelt å trekkje seg.

– Sjølvsagt held eg fram som trenar, seier han.

– Vi har framgang på kvar einaste trening. Ho har berre ikkje fått det ut i konkurransar, seier han.

Ida Marcussen ser heller ingen grunn til å skifte trenar.

– Eg har trua på trenaren min. De ser ikkje kva som skjer på trening. Eg er mykje nærare toppen enn de trur, seier ho til avisa.

Ida Marcussen og Lukas Udelhoven

FÅR KRITIKK: Lukas Udelhoven har tidlegare fått kritikk for ikkje å la fleire trenarar hjelpe Ida Marcussen. Etter den skuffane VM-innsatsen blussar kritikken opp igjen.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

– Sjå tilbake

Tidlegare tikjempar Benjamin Jensen trur at Marcussen kan finne svar på kva som har gått gale ved å sjå tilbake.

– Gå to-tre skritt tilbake og sjå kva ein gjer, og eventuelt gjere forandring og vere open for forandring, dersom ein ikkje har hatt suksess med det ein har gjort, seier Jensen til NRK.no.

Benjamin Jensen

TIKJEMPAR: Tidlegare tikjempar Benjamin Jensen seier at han hadde god erfaring med å bruke fleire trenarar når han var aktiv.

Foto: Mark Earthy / SCANPIX
Finn Kollstad

STØTTAR RODAL: Finn Kollstad meiner at Marcussen bør bruke fleire trenarar.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Sjølv brukte Jensen fleire trenarar når han var aktiv på toppnivå.

– Eg hadde ein hovudtrenar som styrte totalbelastinga og som styrte mesteparten av treninga. I tillegg hadde eg tekniske trenarar i dei greinene han ikkje følte seg kompetent. Korleis Ida og dei har løyst det veit eg ikkje. Lukas har godt kompetanse på dei fleste øvingane i alle fall, seier han.

Lita tru på OL-medalje

Trenar i Kristiansand-friidretten og på landslaget, Finn Kollstad, støttar Vebjørn Rodal og meiner at Marcussen bør knyte til seg fleire trenarar.

– Det tykkjer eg er fornuftig. I mangekamp skal du vere god i mange øvingar og det kan vere vanskeleg for ein trenar å ha kompetanse på alle område. Ofte er spesialisten best og kan tilføre nye impulsar til ein utøvar som slit og ikkje kjem seg vidare, seier Kollstad.

Han har lita tru på at Marcussen vil nå målsetjinga om OL-medalje i London om eitt år.

– Eg tykkjer det høyrest litt urealistisk ut slik det er no. Ho kan heilt sikkert heve seg opp på det nivået ho har vore. Men så trur eg ho vil trenge endå meir tid for å komme opp på det nivået som krevst for å bli topp tre, seier han.

Vebjørn Rodal er klokkeklar på at noko må skje dersom Marcussen skal få ei positiv utvikling igjen.

– Ho er langt bak målsetjinga si og er ikkje i nærleiken av det nivået ho var på for fire år sidan, seier Rodal.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 0,87 kr
Dyrest kl. 20 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 4,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 1,1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %