Hopp til innhold

– Mange slepp unna med promille

Politiet er uroa etter at fleire er tekne for promillekøyring med båt på sjøen på Sørlandet i sommar.

Video Promille til sjøs

PROMILLE: Politiet seier det er store mørketal når det gjeld talet på promillekøyrarar til sjøs.

Foto: Nyhetsspiller

Ove Austenaa

Ove Austenaa

Foto: Einar Kleveland / NRK

– Blant anna i Arendal er det ei Facebook-side som seier når politibåten er ute og inne, seier Ove Austenaa, som er ansvarleg for politiet sitt arbeid til sjøs.

Har teke 25

– Folk spekulerer bevisst i dette. Det veit vi, seier han.

Trass i redusert politiberedskap denne sommaren, er 25 båtførarar tekne med promille.

– Vi har hatt to stygge båtulykker i Risør- Tvedestrandsområdet. I alle fall den eine var ein kombinasjon av båt, promille og fart. Det høyrer jo ikkje saman, seier han.

– Store mørketal

– Eg tykkjer 25 er ganske høgt teke i betraktning den overvakinga vi har på sjøen i sommar, seier han til NRK.no.

Austenaa trur det er mange som slepp unna med promillekøyring.

– Det er store mørketal altså. Hadde vi hatt mykje ressursar hadde tala vore langt høgare, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %