Hopp til innhold

Politiet: – Folk må tole meir festbråk om sommaren

I helga hadde politiet berre på Agder over 50 utrykkingar til fest og fyll. Politiet meiner at folk må tolerere meir bråk om sommaren enn elles.

Torstein Pihlmann

Torstein Pihlmann meiner folk må akseptere meir støy om sommaren.

Foto: Erik Wiig Andersen/NRK

– På den eine sida må dei som arrangerer festen ta omsyn til at alle ikkje er med. Men dei som ikkje er med må vere litt meir fleksible på kva dei toler ut i dei små nattetimane, seier seksjonsleiar for orden ved politistasjonen i Arendal, Torstein Pihlmann, til NRK.

– Vi har ein sommarsesong her som er kortare enn mange ynskjer. Då ynskjer mange å vere ute og nyte vêret og hygge seg, seier han.

– Ikkje gøy

Vi har lagt bak oss ei av dei flottaste sommarhelgene på lenge og mange har arrangert festar på terrassen til langt ut på morgonen.

– Når du høyrer at det er ein real fyllefest med skriking og slikt er det ikkje gøy, seier ei kvinne vi møter på gata i Arendal.

– Det er ikkje ro før klokka tre. Når det er så varmt som no må ein ha vindauget oppe og då vert det litt problem, seier ein annan.

Natt til søndag rykte politiet på Agder ut til 50 ordensoppdrag i løpet av seks timar.

– 20 oppdrag i natt på festbråk og støy, vesentleg i Arendal og Kristiansand, skreiv politiet i loggen.

Mange fylleoppdrag

Få timar seinare publiserte operasjonsleiar Børge Steinsland følgjande melding:

– Ei natt med massiv fyll over store deler av distriktet. Då er det godt at ein blir pensjonist klokka 07.45.

Ifølgje Pihlmann er det ofte private festar politiet må dempe etter klager frå naboar.

– I dei aller fleste tilfella let det seg enkelt løyse ved at politiet ringjer eller berre møter opp og spør om dei kan dempe musikken, seier han.

– Men det er enkelte som ikkje kan dette med å oppføre seg. Då må politiet vere litt meir tydelege. Det løyser seg det også, men slik er det eigentleg heile året, seier han.

– Gi beskjed når du har fest

No rår seksjonsleiaren folk om å varsle politiet på førehand dersom ein skal arrangere ein fest.

– Ein kan gi beskjed dersom ein skal ha fest og oppgi eit telefonnummer vi kan ringe dersom naboar klagar. Det er enklare å ta ein telefon enn å køyre ein bil, seier han.

– Når er det greitt å ringe politiet?

– Ein bør ringe politiet dersom det er heilt håplaust å få sove, seier Pihlmann.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %