Hopp til innhold

Skal leggje plan for å hindre valdtekter i norske byar

Justisminister Knut Storberget meiner at norske byar må sjå til Stavanger for å lære korleis ein skal hindre overfallsvaldtekter.

Knut Storberget (Ap)

KAN LÆRE: Knut Storberget samlar kommuneleiinga i fleire kommunar for å leggje ein strategi mot overfallsvaldtekter.

Foto: Margret Helland / NRK

Kvinne voldtatt i Baneheia

VALDTEKT: Politiet etterforskar to valdtekter i Baneheia i Kristiansand.

Foto: Jan Inge Thomassen / NRK

Fredag skal fleire storbyar møtast for å leggje strategien mot slike overfall.

– Eg trur vi kjem til å anbefale alle lokale å sjå på dei erfaringane ein har gjort seg blant anna i Stavanger, seier Storberget til NRK.no.

23 kvinner melde overfallsvaldtekter i Stavanger i 2009. Året etter var talet null. Storberget meiner at også andre norske kommunar, som har opplevd overfall den siste tida, kan ha ein nullvisjon.

– Nullvisjon

– Stavanger er eit bevis på at det er fullt mogleg å ha ein nullvisjon på dette, seier han.

Så langt i år er rundt 30 valdtekter melde til politiet i Norge. For to veker sidan vart det meldt inn sju valdtekter ulike stader berre i løpet av ei helg.

Politiet etterforskar no valdtekter i både Stavern, Karmøy, Suldal, Orkanger, Kristiansand, Selbu og Røros.

Fredag skal justisministeren møte leiinga rundt ti norske byar justisministeren. Beskjeden frå Storberget er klar: politikarane skal ha alle gruppe på bana - også innvandrarorganisasjonane.

Ber alle ta ansvar

– Eit klart råd for oss er at alle kommunar er veldig tydlege på korleis bilete ser ut, og at vi ikkje let nokon sleppe unna i den forstand at alle må ta ansvar, seier Storberget.

Førstestatsadvokat Bjørn Kristian Soknes har tidlegare kritisert kvinner for å melde valdtektene for seint. I førre veke vart blant anna ei valdtekt i Kristiansand, som skjedde 29. mai, meld til politiet.

– Ein god del av meldingane får politiet lenge etter at valdtekta skjedde. Det skapar store problem for etterforskinga, sa han.

– For etterforskinga er det alfa og omega å vere tidleg ute med å sikre spor. På dette området er startmotoren framleis for treg, sa han.

Vår frelsers gravlund

OVERFALL: Ved gangvegen på Vår Frelsers gravlund i Oslo vart ei kvinne i 30-åra overfalt og befølt då ho var på veg heim i helga.

Foto: Tarald Aaby / NRK

Sivile spanarar

Politiet i Oslo er positive til å sjå arbeidsmetodane til politiet i Stavanger når det gjeld overfallsvaldtekter.

– Nokre av tiltaka som vart gjort i Stavanger kan vere aktuelle å overføre til Oslo, seier politioverbetjent Kari-Janne Lid til NRK.no.

Blant tiltaka Stavanger-politiet sette i verk var å ta kontakt med utestader for at dei tilsette skulle følgje med på menn som sirkla rundt einslege jenter. I tillegg sette dei inn sivile spanarar i Stavanger sentrum.

– Vi har konkrete døme på overfallsvaldtekter som har vore avverga, nettopp på grunn av slike spanarar, seier etterforskingsleiar i Stavanger-politiet, Kristian Johansen.

I tillegg tok dei kontakt med fleire kommunale etatar.

– Det er viktig å informere folk om norske reglar og norsk kultur for å forhindre denne typen valdtekter, seier han.

Overfall skapar frykt

I Kristiansand skapte tre overfall overfall i løpet av få dagar frykt blant jenter i byen.

– Eg føler meg ikkje tygg når eg går i byen. Det er ubehageleg eigentleg å vite at slikt kan skje, seier Maren Larsen.

– Eg prøver å ikkje vere aleine og vere saman med nokon når eg går heim frå byen, seier Maria Kjosaas Berge til NRK.no.

Seinast førre fredag vart ei 15 år gammal jente forsøkt lokka inn i ein bil i Vågsbygd i Kristiansand.

– Det er veldig trist at mange går rundt og er redde og ikkje torer å gå ut. Dei tek ansvar for den kriminelle si åtferd og det tykkjer eg er heilt forferdeleg, seier nestleiar ved krisesenteret i Kristiansand, Tove Hægg Versland til NRK.no.

Video Skremt av voldtekter

VIDEO: Ei rekkje overfall i Kristiansand har skapt frykt blant jenter den siste tida.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %