Hopp til innhold

Vindbjart-trenar: – Må lære å leve med presset

Vindbjart-trenar Steinar Skeie meiner klubben treng trening i å vere med i opprykksdiskusjonen. Samstundes trur han ikkje presset er årsaka til at klubben har gått på tre strake tap.

Vindbjart på trening

Vindbjart møter Åsane søndag. Bilete er frå ei trening tidlegare i sommar.

Foto: Håvard Raustøl/NRK

Med tap i søndagens kamp mot Åsane vil Vindbjart ligge åtte poeng bak serieleiar Nest-Sotra.

– Det er ingen tvil om at det har vore tabellfokus i lang tid. Vi får meir merksemd i mediene og vi får meir folk på kampane, seier Skeie til NRK.

– Mitt mål er at vi må lære å leve med det. Vi har som mål å rykke opp til 1. divisjon ein gang. Då må vi vere budd på desse tinga, seier trenaren.

Marginar imot

Steinar Skeie, Vindbjart

Steinar Skeie.

Foto: Håvard Raustøl/NRK

Etter ein fantastisk vårsesong der laget topp tabellen, har det gått langt tyngre den siste månaden. Tre strake tap - sist mot rivalen Fløy.

Samstundes har Nest-Sotra vunne dei seks siste kampane sine og har sikra seg eit forsprang på Vindbjart i kampen om opprykk til 1. divisjon.

I juni var trenaren klar på at han ikkje ville ha snakk om opprykk innad i klubben. Han trur likevel ikkje den gode starten på sesongen har gjort spelarane stressa når ordet opprykk stadig oftare vart nemnt.

– Eg tykkjer vi har vore gode på akkurat det. Eg trur heller det er andre faktorar som skader, karantener og litt marginar. Vi hadde marginane med oss i vår. Så er det ofte slik at jo betre ein er, jo meir flaks har ein, seier han.

Trur på siger

Mot Åsane stiller Vindbjart skadefritt mannskap. Det gjer at trenaren er optimistisk med tanke på å vinne igjen, etter tre strake tap.

– Eg trur vi kan gjere ein veldig kamp. Vi har full tropp, ingen er skada, ingen er ute med karantene. Alt tilseier at vi skal prestere og folk er i god form, seier han.

– Lysta på å vinne må vere mykje større enn frykta for å tape. Lysta for å vinne er veldig sterk i laget, seier han.

– Er det kniven på strupen med tanke på opprykk i dag?

– Reint matematisk er det nok det ja, seier han.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %