Hopp til innhold

– Må gå i strupen på Hødd

Optimismen er stor i supportarklubben Svaberget før FK Jerv sin bortekamp mot Hødd i Ullsteinvik.

Svaberget (FK Jerv)

Supportarklubben Jerv i oppgjeret mot Brann i førre serierunde.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Vi må gå litt i strupen på dei og overraske dei litt. Litt som mot Brann, seier leiar i supportarklubben, Reidar Berg Vaule til NRK.

Hødd har spelt to kampar på si splitter nye heimebane og har ikkje tapt. Dei slo Brann heile 3-0, medan det var uavgjort 1-1 mot Fredrikstad.

Ser kampen på storskjerm

Ser kamp på klubbehuset (Jerv)

Mange møtte opp for å sjå Hødd - Jerv på klubbhuset i Grimstad.

Foto: Reidar Berg Vaule

– Dei er eit sterkt heimelag, så eg trur det vert ein tøff kamp. Men det er optimisme på Sørlandet. Vi har trua på siger i supportarklubben, seier Berg Vaule.

Mange Jerv-supportarar samlast i kveld på klubbhuset ved Levermyr for å følgje kampen på storskjerm.

– Vi blir nok rundt 30 supportarar der for å sjå kampen på tv, seier supportarleiaren.

God kamp mot Brann

FK Jerv sjokkerte Brann på heimebane i førre serierunde. Laget leia 2-0 til pause etter ein forrykande første omgang.

I andre omgang kom bergensarane tilbake med to scoringar. Dermed vart det poengdeling føre 1750 tilskodarar på Levermyr stadion.

Jerv har hatt ein god start på sesongen dersom ein ser på kva lag dei har møtt. Laget har teke poeng mot Sandnes Ulf, Sogndal og Brann, som alle er blant opprykksfavorittane i 1. divisjon.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 0,87 kr
Dyrest kl. 20 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,2 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %