Hopp til innhold

– Vi har hatt lite fokus på prostitusjon

Varaordføraren i Kristiansand vedgår at prostitusjon ikkje har vore mykje diskutert blant politikarane i byen dei siste åra. – Det har ikkje vore noko stort problem, seier han.

Jørgen Kristiansen - prostitusjon

Varaordførar Jørgen Kristiansen vil ha meir fokus på prostitusjon i tida framover.

Foto: Ingfrid Berge Fossåskaret - Hans Erik Weiby/NRK

– Eg må innrømme at det er eit tema som vi nok ikkje har hatt veldig sterkt fokus på dei siste åra, seier varaordførar Jørgen Kristiansen (KrF) til NRK.

Tysdag ettermiddag fortalde NRK om ei auke i talet på gateprostitusjon i byen den siste tida. Det gjer at Kristiansand har den fjerde største prostitusjonsmarknaden i landet. Det er kvinner frå Nigeria som dominerer gatebilete.

– Har ikkje vore eit problem

– Dei går langs gatene. Dei går der publikum er, seier Liv Bente Sunde i Kristiansand kommune.

Ho jobbar for å hjelpe prostituerte. Dei tilbyr mellom anna gratis kondom og glidekrem.

Måndag fortalde NRK om politiet som gjennomførte ein razzia mot ein bustad på Grim i Kristiansand. Jørgen Kristiansen meiner no at tida er inne for å setje fokus på prostitusjon igjen.

– For det første reknar eg med at politiet har naudsynt fokus på dette, men det kan hende at vi politisk må ha eit sterkare fokus på dette framover, seier varaordførar Kristiansen.

– Kva er årsaka til at de ikkje har hatt særleg fokus på prostitusjon?

– Mitt inntrykk er at dette til no ikkje har vore noko stort problem. Men det er vel slik at dette går føre seg i alle byar, anten ein vil eller ikkje. Men lovverket er veldig tydeleg. Er det eit veksande problem kan det vere at vi må ha eit sterkare fokus på det, seier han.

Kartla miljøet

Mette Gundersen

Mette Gundersen.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

For nokre år sidan vart prostitusjonsmiljøet i Kristiansand kartlagt og det vart sett ned ei gruppe som skulle hjelpe dei prostituerte.

– Etter det har det nok blitt veldig stille. Vi vil gjerne styrkje pro-vakta som vi har i Kristiansand. Dei to som jobbar der får til veldig mykje ut av lite, seier Mette Gundersen (Ap).

– Den einaste måten å stoppe prostitusjon på er at menn sluttar å kjøpe sex av kvinner. Det handlar om haldningar. Eg har meir tru på haldningsarbeid enn forbod i denne typen saker, seier ho.

– Menn bør tenkje seg om både ein, to og tre gonger før dei kjøper seksuelle tenester av kvinner i Kristiansand. Vi veit at dei har skjebner med seg. Dei treng hjelp og treng ikkje å bli utsett for menneskehandel og slavehandel, som eg meiner at prostitusjon er, seier Gundersen.