Hopp til innhold

– Ligg der vi fortener å ligge

FK Jerv-kaptein Glenn Andersen vedgår at laget ikkje er godt nok til å rykke direkte opp til eliteserien. No skal dei spele kvalifisering.

Arne Sandstø og Glenn Andersen

Trenar Arne Sandstø og kaptein Glenn Andersen under kampen mot Kristiansund søndag.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

– Vi ligg der vi fortener å ligge. Vi har ikkje klart å avgjere mange nok kampar i vår favør. Vi har like mange tap som Kristiansund, men dei har klart å avgjere veldig mange kampar med eitt mål, seier Andersen til NRK etter 1-1-kampen mot vestlendingane.

Kristiansund og Sandefjord er klar for neste års eliteserie, medan Jerv må ut i kvalifisering. Dei tre laga har alle tapt seks kampar.

Skilnaden på laga er Jerv sine åtte uavgjortkampar, mot fem uavgjort på både Kristiansund og Sandefjord, som dermed har vunne fleire enn Jerv.

Nøgd med kvalik

– Vi hamnar på tredjeplass, som er eit steg opp frå i fjor. Det viser at vi har utvikla oss, seier Andersen.

Førre sesong enda laget på 6.-plass og karra seg til kvalifisering. Trenar Arne Sandstø meiner klubben må vere nøgd med ein 3.-plass.

– Hadde du sagt det før sesongen trur eg dei fleste hadde vore nøgde. No må vi nullstille oss og ha nytt fokus og trykk mot dei neste kampane, seier Sandsø.

For sesongen er langt ifrå over for grimstadklubben. Først ventar Strømmen på bortebane i siste serierunde. Ein kamp som ikkje betyr noko som helst. Deretter ventar Kongsvinger, Sandnes Ulf eller Mjøndalen i kvalifiseringskamp på Levermyr stadion.

– Eg bryr meg ikkje om kven vi møter akkurat no. No får vi summe oss og blir ferdige med denne kampen, så får vi sjå kva det blir, seier Sandstø.

– Eg føler det ikkje har så mykje å seie kven vi møter. Vi skal ha dei her på Levermyr, og her meiner eg vi bør slå alle, seier Alexander Lind.

Arne Sandstø

Arne Sandstø og Jerv skal spele kvalifisering til eliteserien i haust.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Får heimebanefordel

I fjor gjekk Jerv heilt til kvalifiseringsfinalen der dei møtte Start. Kapteinen meiner erfaring frå kvalifisering i fjor betyr null og niks.

– Ingenting. Det einaste det handlar om er å score fleire mål enn motstandaren. Vi har ikkje vore gode nok i slutten av denne sesongen, seier Andersen.

Sidan klubben enda på 3.-plass får Jerv to heimekampar dersom dei tek seg forbi første hinder.

– Det er kjempegøy for grimstadpublikummet. I fjor hadde vi to bortekampar, seier Andersen.

Feira opprykket

Då Jerv-spelarane gjekk av bana etter kampen mot Kristiansund var dei vitne til vill opprykksjubel i Kristiansund-leiren. Gjestene feira eliteserieopprykket føre eigne fans.

Det tenner Jerv-keeper Øyvind Knutsen.

– Det går ein liten faen i deg når du ser det. Du er sjølvsagt litt bitter fordi det ikkje er deg sjølv som står og feirar. Det er motiverande å sjå at det er mogleg.

– Neste år går kanskje vi opp. Eller kanskje allereie i år, seier han.

Kristiansund rykket opp

Kristiansund-spelarane feira opprykket saman med supporterane sine på Levermyr stadion.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %