Hopp til innhold

– Det er mykje som skjer i framtida, som gjer at ein kanskje kan fortelje meir etterkvart

Administrerande direktør i Start, Even Øgrey Brandsdal, sa opp jobben tre dagar før årsmøtet. – Det var enkelt når eg først hadde bestemt meg.

Avtroppande administrerande direktør i Start, Even Øgrey Brandsdal, seier det er trist å forlate klubben, men at valet til slutt var enkelt.

Sjå intervju med Even Øgrey Brandsdal, som har sagt opp stillinga si i Start.

– Det er veldig delt. Eg er letta over å ha teke eit val, men det er litt trist også, at det nærmar seg slutten med den fantastiske gjengen som jobbar i klubben. Det har vore ganske mange nedturar, samstundes kjennest det riktig, seier Brandsdal til NRK.

– Var det ei vanskeleg avgjerd?

– Når eg først bestemte meg, var det ikkje vanskeleg, seier han.

Brandsdal vil framleis ikkje gå inn på kva som er årsaka til at han har sagt opp. Han henviser til styreleiar Geir Tønnesland.

– Eg har gjort grundig greie overfor styret kvifor eg gjer meg. Så er det mykje som skjer i framtida, som gjer at ein kanskje kan fortelje meir etter kvart, seier han.

Men styreleiaren har til no vore ordknapp om kvifor Brandsdal har sagt opp jobben som administrerande direktør i klubben.

– Det ynskjer eg ikkje å kommentere av omsyn til IK Start sine medlemmar og årsmøtet i klubben, sa Tønnesland til NRK fredag.

Even Øgrey Brandsdal

Even Øgrey Brandsdal har sagt opp stillinga si i Start.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Vil ha meir makt

Etter det NRK kjenner til skal ei av årsakene til at Brandsdal trekk seg, vere at Seniorrådet i klubben ynskjer meir makt.

Seniorrådet har 24 medlemmar, som har hatt mange ulike verv i klubben tidlegare.

– At det er årsaka til at han trekker seg, stiller eg meg undrande til, seier leiar Borgar Haugland til NRK.

Per Svein Bostrøm

Mangeårig Start-speaker Per Svein Bostrøm er blant medlemmene i Seniorrådet.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Måndag er det årsmøte i IK Start. Ei av sakene som er fremja til årsmøtet er Seniorrådet si rolle i klubben. Dei vil ha fleire arbeidsoppgåver knytt til A-laget.

Dei skriv blant anna: «Vi ser at det ikke er angitt konkrete oppgaver bortsett fra utnevning av æresmedlemmer og tildeling av andre hederstegn. Seniorrådet mener at dette ikke er godt nok».

Dei skriv vidare at dei ynskjer at styret i klubben bør konsultere Seniorrådet i viktige saker før ei avgjerd vert teken.

Det dreier seg blant anna om økonomi: «Det handler også om beslutninger som kan ha store økonomiske konsekvenser for klubben og underavdelinger...», står det i årsmøtedokumentet, som er signert av Borgar Haugland, Per Svein Bostrøm og Carl Viggo-Axelsen.

Seniorrådet: – Vi har mykje erfaring

– Det er mykje erfaring i denne gruppa. Tanken er å finne oppgåver vi kan gjere. Dersom styret har problem dei vil drøfte før dei tek ei avgjerd, så kan dei spørje oss. Men vi skal sjølvsagt ikkje blande oss inn i den daglege drifta, seier leiar Borgar Haugland.

Det ligg også inne eit forslag frå underavdelingane i klubben. Junioravdelinga, handballavdelinga og seniorklubben vil framleis ha styring på eigen økonomi, og vil ikkje at administrerande direktør skal styre dette.

Underavdelingane har representantar i styret, og har på den måten innflytelse på viktige avgjerder som angår drift av A-laget. Tre av åtte i styret representerer underavdelingane i klubben.

Brandsdal vil ikkje kommentere om det har noko med avgangen å gjere og henviser igjen til årsmøtet måndag.

– Årsmøtet er den viktigaste samlinga klubben har. Der sit eigarane og bestemmer retning og korleis organisasjonen skal organiserast. Det vil sikkert vere ein del diskusjonar på årsmøtet, seier Brandsdal.

Får støtte

Brandsdal sin avgang har skapt reaksjonar. Tidlegare Start-spelar Jesper Mathisen er ikkje overraska over at Brandsdal trekker seg.

Rolf Daniel Vikstøl

Start-spelar Rolf Daniel Vikstøl seier det er trist at Brandsdal gjer seg i klubben.

Foto: Håkon Eliassen / NRK

– Eg kan forstå avgjerda. Du treng ikkje sjå lenger enn til dokumenta for årsmøtet, for å forstå at alt ikkje er som det skal vere i Start. Det er fleire forslag der som vitnar om at det ikkje er tru på dei som styrer klubben, seier TV2-eksperten til Fædrelandsvennen.

– Start er ei splitta klubb, som ikkje dreg i same retning. Det er mange episodar der Even har stått aleine i mot andre grupperingar innanfor klubben, seier Mathisen.

Også i spelargruppa skal Brandsdal sin oppseiing ha komme særs overraskande.

– Eg tykkjer det er trist. For Brandsdal er ein person som har jobba tett opp mot spelargruppa i mange år. Vi har ikkje fått ein primær grunn til kvifor Brandsdal har sagt opp, men det verkar som det var ueinighet mellom han og resten av styret i klubben, sa midtstoppar Rolf Daniel Vikstøl til NRK fredag.

I sosiale medium og kommentarfelt får Brandsdal mykje støtte. Det set han stor pris på.

– Eg sat oppe lenge i går og svarte på tekstmeldingar og meldingar på Facebook. Eg blir rørt og overvelda over dei gode tilbakemeldingane som kjem, seier han.

Mathisen

Jesper Mathisen saman med Even Øgrey Brandsdal i samband med Start sin kvalifiseringskamp mot Jerv i 2015.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Takkar kollegaene

Brandsdal kom til Start i 2013 og har vore med på mange opp- og nedturar og turbulente periodar.

Klubben gjekk over eitt år utan å vinne ein einaste seriekamp. Ei rekkje spelarprofilar har forlate klubben. I tillegg har publikum svikta.

Men Brandsdal meiner han har fått til mykje i løpet av sin periode i 1. divisjonsklubben. Ein klubb som har slite med økonomien i ei årrekkje, ser endeleg ut til å vere på rett veg etter overskot både i 2015 og 2016.

– Dei sportslege resultata har vore utfordrande. Start har eksistert i 111 år, så har vi fått dei to beste åra i klubbens historie økonomisk. Takka vere ein ekstremt hardtarbeidande gjeng, som har vore ekstremt lojale mot måla og tiltaka vi har gjennomført, seier han.

Frå raude til svarte tal

– Eg er veldig nøgd med å ha vore med på å snu raude tal til svarte. Så håpar eg det kan legge grunnlaget for at det kan bli regelen, og ikkje unntaket, seier han.

– Korleis ser du på framtida til IK Start?

– Det er utruleg mykje flotte folk som jobbar i klubben, og som jobbar mykje meir enn du kan vente. Eg har ein bønn til Sørlandet om å halde fram med å mobilisere. Både dei som ynskjer å kjøpe sesongkort og dei som vil bli partnar i Start-familien. Steinar og resten av gjengen treng best moglege rammevilkår. Vi såg i går, når dei feia over Sandnes Ulf, at det er noko på gang, seier han.

– Kva planar har du no?

– Ikkje veldig store planar. Det er bursdagsfest i kveld og eg skal vere saman med kona. Det er det eg tenkjer på først og fremst, smiler Brandsdal.

Styret startar no jobben med å finne Brandsdal sin erstattar. Han skal etter planen bli i klubben ut oppseiingstida.

Even Øgrey Brandsdal

Even Øgrey Brandsdal på kontoret på Sør Arena.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %