Hopp til innhold

– Straumprisen har ikkje vore lågare på 15 år

Det er 15 år sidan straumprisen på Sørlandet var like låg som han er i dag. I framtida kan straumen bli endå billegare.

Kraftmagasin

Reguleringsmagasinet Kvernevatn i Åseral er eitt av vassmagasina på Sørlandet som er fylt til randa, og som fører til billegare straumprisar

Foto: Sundsdal, Svein / ( Svein Sundsdal/NRK)

Årsaka er at vassmagasina er smekkfulle.

På siste måling i Sør-Noreg låg magasina på opp mot 97 prosent fylling på dei regulerbare magasina.

Dette fører til gratis produksjon, ifølgje Andreas Myhre i LOS.

– Grunna den høge fyllinga blir i praksis kvar ekstra vassdrope som no kjem, gratis å produsere som straum.

Ingen minke i dei faste avgiftene

Grunnen til dei store vassmengdene er stormen Petra som herja på Sør- og Austlandet i september.

Men til trass for lågare straumprisar, minkar ikkje dei faste avgiftene.

– Nettoverføringa er gjennom monopolaktiviteten regulert veldig strengt slik at den skal vere ein non-profit aktivitet, og rullar og går på sine faste nivå. I tillegg er det ein del avgifter som blir bestemt av statsbudsjettet. Den einaste variabelen som varierer i takt med internasjonale konjunkturar og vær og vind er den reine straumen, seier Myhre.

Endå billegare straum i framtida

Men framtida vil mest sannsynleg by på billegare straum på Sørlandet.

Myhre fortel at ein nesten garantert kjem til å slå dagens låge rekord i løpet av dei neste fem åra.

– Vi går inn i ein situasjon no der det byggjast ein del vindmøller i det nordiske systemet. Ein del av dei i Noreg, men mest sannsynleg flest i Sverige. Dei neste fem åra vil denne marknaden vere prega av overkapasitet. Så lenge ikkje etterspørselen stikk i været, noko den ikkje ser ut til å gjere, så vil vi nesten garantert slå dagens rekord i løpet av dei komande åra.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 4,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %