NRK Meny
Normal

– Kuttpakke er krise for barna

Mandal kommune må spare 40 millionar kroner på 2013 budsjettet. Oppvekstsektoren er bede om å redusere 14 millionar. Utdanningsforbundet fortvilar.

Silje Gran Aanensen

- KRISE: Hovudtillitsvald Silje Gran Aanensen er uroa over situasjonen i Mandal.

Foto: Håkon Eliassen/NRK

– Det er skjært inntil beinet frå før. Samanlikna med andre kommunar brukar vi allereie veldig lite per elev, seier hovudtillitsvald Silje Gran Aanensen til NRK.no.

– Skal ein kutte ned endå fleire pedagogstillingar er vi på grensa til det som er lovleg. Det er krise for tilsette og elevar, seier ho.

Dramatiske kutt

20. september kom det fram at 80 tilsette kan miste jobben i Mandal, på grunn av den økonomiske situasjonen i kommunen. Kommunen har ei gjeld på 1,1 milliard kroner og må kutte dramatisk i neste års budsjett.

Torsdag kom forslag til kuttpakke, der oppvekstsektoren altså må kutte 14 millionar neste år.

– Ein kuttar alle ekstratilbod som er. Gymtimane på den eine skulen. Samstundes er det snakk om i alt 20 pedagogstillingar, seier Aanensen.

Ho trur kutta vil få store konsekvensar for innbyggjarane i sørlandskommunen. Det er også føreslått å auke prisen på SFO.

– Auka sosialhjelp

– Det kan føre til auka sosialhjelp. Barna må ha ein stad å vere etter skuletid. Kvar skal foreldra plassere barna når dei ikkje har råd til å ha dei på SFO, dersom dei også blir sagt opp på grunn av at dei skal seie opp pedagogstillingane i byen? Dette er ein vond sirkel, seier ho.

– Dei vil kutte ned på mattilbodet og IKT-tilbodet i barnehagane. Alt i alt medfører det også tilskotsreduksjon til dei private barnehagane, som det er mange av her i byen, seier Aanensen.

– Kva skjer med oppvekst i Mandal?

– Nei, kva skjer då? Det er nesten umogleg å svare på. Eg håpar vi aldri opplever det, seier ho.

Trur på eigedomsskatt

Alf G. Møll FrP i Mandal

UTFORDRANDE: Tidlegare Frp-ordførar, Alf G. Møll, vedgår at situasjonen er dramatisk.

Foto: Berge, Asbjørn Odd / Asbjørn Odd Berge/NRK

Så langt har Høgre og Frp sagt nei til å innføre eigedomsskatt i kommunen, med ei stemmes overvekt. I frykta for enorme kutt i helse og skule trur tidlegare Frp-ordførar Alf G. Møll at nei-alliansen vil sprekke.

– Eg trur det kan vere frå to parti. Kanskje meir, seier han.

I tillegg til store kutt i skulesektoren kan kvar fjerde sjukeheimsseng ryke i tillegg til legevakta i Mandal.

– Når du får det heilt tett på og skal ta ansvar for dette, så er det ganske dramatisk, seier Møll.

Seinare i haust skal politikarane ta stilling til endeleg forslag til 2013-budsjett.