Hopp til innhold

– Komisk om eg vinn seriegull i Runarhallen

ØIF Arendal-trenar Marinko Kurtovic vedgår at det blir spesielt om ØIF sikrar seriegullet på hans gamle heimebane i Sandefjord.

Se magasin med ØIF Arendal før serieavslutningen mot Runar.

VIDEO: Sjå intervju med blant andre trenar Marinko Kurtovic, Sondre Paulsen og sportsleg leiar Per Carsten Michelsen.

Med siger mot Runar i Sandefjord vil ØIF Arendal sikre sitt første seriegull i eliteserien.

– Det er litt komisk. Eg var der i tre år og forsøkte å lage eit lag som kunne vinne titlar, men vi lukkast ikkje. Vi mangla det siste lille. Plutseleg skal eg stå der som motstandar og vinne ein tittel, seier Kurtovic.

Dramatisk serieinnspurt

Kurtovic var trenar i Runar i tre år før han kom til ØIF før årets sesong. I Vestfold-klubben klarte han 4. plass i serien som det beste resultatet.

Trenaren trur at mange i Runar kryssar fingrane for ØIF-gull.

– Eg kjenner mange der og er sikker på at dei fleste unnar Arendal gullet føre Bodø, seier han.

Bodø tek imot nedrykkstruga Bækkelaget på heimebane. Med Bodø-siger og ØIF-tap er det i staden Bodø som kan juble for seriegull.

– Vi må fokusere på å gjere jobben sjølv mot Runar. Mange er nok spente, men vi er klar, seier Sondre Paulsen.

Mange supportarar tek turen

Det er venta mange ØIF-supportarar i Runarhallen onsdag. Klubben og supportarklubben Svermen har sett opp fleire bussar.

Dermed vert det truleg fleire ØIF-supportarar enn Runar-supportarar i hallen.

– Dei er ein av grunnane til at vi ligg der vi ligg. Vi må takke supportarane våre som støttar oss. Det er gledeleg om vi kan fylle hallen med raudt og kvitt. Kjem det 1500 vil eg vere superstolt. Eg er glad for alle som tek turen. Er det nokon som fortener gullet er det supportarane, like mykje som oss, seier Kurtovic.

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %