Hopp til innhold

– Klokt å sperre av området

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) meiner politi og brannvesen handterte brannen på Mjåvann Industriområde etter boka.

Brann ved dynamittkontainer

Oversiktsbilete frå brannen på Mjåvann Industriområde.

Foto: Anders Martinsen

Dynamittlager på Mjåvann

Det byrja å brenne i arbeidsbrakka til høgre i bilete.

Foto: Thomas Sommerset/NRK
Dynamitt på Mjåvann

Dynamittlager på Mjåvann i Songdalen.

Foto: Thomas Sommerset/NRK
Torill Tandberg avdelingsdirektør DSB

Torill Tandberg er avdelingsdirektør i DSB.

Foto: Helga Tunheim / NRK

Det brann like ved eit sprengstofflager med 16 tonn sprengstoff på Mjåvann Industriområde i Songdalen.

– Når sprengstoff blir varma opp kan det bli ustabilt og i verste fall gå i lufta. Det var ei klok vurdering å sperra av området, seier avdelingsdirektør Torill Tandberg til NRK.

– Dynamitt kan også brenne kontrollert. Men når det vert utsett for varme kan det bli ustabilt, seier ho.

Hadde papira i orden

Politi og brannvesen sperra av eit område med ein omkrins på ein kilometer fordi dei frykta at sprengstoffet skulle gå i lufta.

– Når det er snakk om så store mengde oppstår ei enorm trykkbølgje og det vil bli splintar, dersom sprengstoffet går av, seier ho.

Ei defekt straumkontakt gjorde at det tok fyr i eit aggregat i ei arbeidsbrakke. Brakka stod like ved fleire konteinarar som inneheld tonnevis med sprengstoff.

Det er Austin Powder International som eig sprengstoffet. Ifølgje DSB hadde dei alle løyve i orden.

– Dei hadde alt i orden med alle løyve frå oss. Det er mellom anna bortimot 600 meter til næraste bygg, og det er i eit skogsområde, seier Tandberg.

Dronebilder fra kontainerbrannen.
Videoen skal merkes som følger:
Fotograf: Anders Martinsen, for Agder pd og Kristiansand Brann og Redning
Mvh Ingrid Trønnes Mæhre
Ass Stabssjef Agder pd

Dronebilete: Anders Martinsen/Kristiansand Brann og Redning.

Har bede om rapport

Ho seier også at det er særs strenge krav til oppbevaring av sprengstoff.

– Det er krav til både avstand til bebyggelse, inngjerding, lås og alarm på sprengstoffanlegget. I tillegg er det krav til vedlikehald og drift av lageret, seier ho.

DSB har no bede bedrifta om ein rapport med oversikt over kva som har skjedd.

– Vi kjem til å følgje opp i forhold til denne hendinga, seier ho.

– Kan det bli aktuelt med bøter eller sanksjonar?

– Det kan eg ikkje svare på no, seier Tandberg.

Brannvesenet fryktet eksplosjonsfare da det tok fyr i en container bare en meter unna et lager med 16 tonn dynamitt i formiddag.

Dronebilete: Anders Martinsen/Kristiansand Brann og Redning.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

19-åringen fra Gjerstad skulle bare hjem – møtte en kenguru langs veien

n9oU6LhHxh0

Vann meisterligaen føre rekordpublikum: – Feiringa blir nok tøffare enn kampen