Hopp til innhold

Olsbu imponerte: – Klarer ikkje slutte å smile

Marte Olsbu frå Froland gjekk inn til ein sterk 11. plass på sprinten under VM i skiskyting i Holmenkollen.

Marte Olsbu

Marte Olsbu vart nummer 11 på sprinten i Holmenkollen.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Det vart ikkje heilt klaff på skytinga, men eg klarer ikkje la vere å smile i dag, sa Olsbu til NRK etter målgang.

På laurdagens sprint vart det to bom på på standplass.

Tiril Eckhoff

Tiril Eckhoff vart verdsmeister på sprinten.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Men sørlendingen fekk full klaff i sporet og hadde tredje beste langrennstid.

– Det var skikkeleg overraskande at eg hevda meg så bra i sporet. Det var kult, seier ho.

Den gode sprinten gjer at ho har eit godt utgangspunkt før søndagens jaktstart i Holmenkollen.

Der går ho ut 52 sekund etter Tiril Eckhoff, som vart verdsmeister på sprinten.

– Det er eit kjempebra utgangspunkt. Eg må berre prøve å gå på med nytt mot og prøve å klatre, seier Olsbu.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %