Hopp til innhold

– Ein klamrar seg til eit ørlite håp og mirakel

Far til ein av dei sakna på seglbåten «Lady Domina» har framleis håp om at sonen lever. Mannskapet har ikkje gitt lyd ifrå seg på over seks veker.

Lady Domina

Mannskapet på den sakna seglbåten «Lady Domina» har ikkje gitt lyd ifrå seg. Tysdag vart søket etter båten avslutta.

Foto: Privat

Stian Abrahamsen

Stian Abrahamsen er om bord på seglbåten «Lady Domina».

Foto: Privat

Tysdag vart det klart at portugisiske styresmakter avsluttar søket etter båten med tre nordmenn, ein danske og ein brite.

– Dei har vel prøvd å gjere det dei kan. Det ser mørkt ut dette, så kva kan eg seie. Dei har jo gjort det dei kunne, seier Asbjørn Abrahamsen til NRK.

Håpar og trur

Han er far til 29 år gamle Stian Abrahamsen frå Kristiansand. Seglbåten la 31. mars ut frå den tropiske øya Saint Martin i den nordaustlege Karibia.

Turen skulle gå til Azorene, om Orknøyane og til Norge.

Det har no gått 44 dagar utan at nokon har høyrt frå mannskapet.

– Ein håpar og trur at dei skal dukke opp. Men det blir mindre og mindre håp jo lengre tid det går. Men for all del, det skadar vel ikkje om dei hadde halde fram med å leite, seier han.

Seilbåt savnet i Atlanterhavet

Tre nordmenn er framleis sakna. No har det gått seks veker sidan dei fem om bord på «Lady Domina» gav livsteikn ifrå seg.

Foto: Montasje: Kari Løberg Skår / NRK

Vurderer å avslutte søk

– Kva trur du har skjedd?

– Eg trur dei har gått ned rett og slett, seier han.

I løpet av dagen skal Hovudredningssentralen Sør-Norge (HRS), avgjere om også dei skal avslutte søket etter dei fem sakna.

– Ein klamrar seg til eit ørlite håp og mirakel. Det verste som kan skje er å gå å ikkje vite, seier faren.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %