Tiltalt for kidnapping - meinar han redda ho

Lokalpolitikaren i Aust-Agder som er tiltalt for kidnapping av si eiga dotter meiner han redda livet hennar.

Aust-Agder tingrett

Mannen må møte i Aust-Agder tingrett tiltalt for å ha kidnappet datteren og holdt henne fanget i en hjemmelaget celle.

Foto: Tor Erik Schrøder / SCANPIX

– Eg held fast ved at eg er uskuldig. Eg fekk opplysningar om at ho kom til å døy dersom eg ikkje gjorde noko, seier mannen til NRK.

Mannen som har site i kommunestyret i ein kommune i Aust-Agder i fleire år meiner han handla i naudverge då han henta dottera og plasserte ho i det påtalemakta omtalar som ei «spesialbygd celle».

To andre menn er også tiltalt i saka.

Vart påført handjern og lenke på beina

I tiltalen frå Agder statsadvokatembete går det fram at dei tre mennene skal ha henta kvinna i 20-åra ut av ein bustad ei natt i fjor sommar.

Ifølgje tiltalen frå statsadvokaten skal dei ha bunde henne med strips og lagt henne i ein bil mot hennar vilje.

Deretter skal ho ha blitt påført handjern og lenke på føtene før ho skal ha blitt plassert i ei celle utan moglegheit til å komme seg ut på eigahand.

Statsadvokaten skriv at ho vart halde i cella til neste føremiddag.

...hun ble tatt ut av bilen og ført inn i en speialbygget celle uten mulighet til å komme seg ut på egenhånd, og hun ble påført håndjern og lenke på føttene.

Agder statsadvokatembeter

– Omtrent som ei glattcelle

– Den er nok laga etter mal frå ei vanleg celle hos politiet. Den er omtrent som ei glattcelle, også i storleik. Den er snekra saman og interiørmessig liknar den ei vanleg glattcelle på politihuset, seier politijurist Unni Gullberg i Agder politidistrikt.

Aktor Unni Guldberg

Politijurist Unni Gullberg i Agder-politiet.

Foto: Leif Dalen / NRK

– Er det ei heimelaga celle?

– Ja, det er den betegnelsen påtalemakta vil bruke under rettssaka, seier ho.

Påtalemakta vil ikkje gje ut bilete av cella der kvinna skal ha blitt plassert.

– Vi ynskjer ikkje å offentleggjere bilete før rettssaka, seier Gullberg.

Vil ikkje kommentere detaljar

Mannen seier til NRK at han ikkje vil gå inn på detaljar i saka.

– Eg vil ikkje seie noko meir. Alt dette vil komme fram i rettssaka, seier han.

Politikaren nektar ikkje for at han har stengt dottera inne.

Bistandsadvokaten til dottera sa til NRK tysdag kveld at dottera opplevde hendinga som skremmande.

– Same kva motivasjon dei tiltalte har hatt, så er dette gjort på ein skremmande og brutal målte. Dette sit i, og vil vere skremmande i uoverskueleg framtid, sa bistandsadvokat Arve André Larsen til NRK.

Mannen seier til NRK at han vil halde fram med sine politiske verv fram til rettssaka skal opp i Aust-Agder tingrett 8. august.

NRK har ikkje lyktes i å kome i kontakt med dottera.