NRK Meny
Normal

– Katrine er gullnøkkelen

Fleire handballprofilar er samstemte: keeper Katrine Lunde Haraldsen må prestere dersom Noreg skal oppnå suksess i handball-EM på heimebane.

Katrine Lunde Haraldsen

GOD: Katrine Lunde Haraldsen blir viktig dersom Noreg skal kjempe om medaljar under EM, meiner ekspertane.

Foto: Kallestad, Gorm / Scanpix

Kristine Lunde-Borgersen

Kristine Lunde Borgersen

Foto: Kallestad / Scanpix
Peder Langfeldt

Peder Langfeldt

Foto: Øivind Eskedal / NRK
Leif Gautestad, ØIF Arendal

Leif Gautestad

Foto: Sander Heggheim/NRK
NRKs Unni Anisdahl

Unni Anisdahl

Foto: NRK
– Har laget ein god keeper har det utruleg mykje å seie for sluttresultatet og eg tykkjer vi har verdas beste keeper, seier tvillingsøster, Kristine Lunde Borgersen til NRK.no.

Ein gravid Lunde Borgersen må følgje systera og dei andre landslagsjentene frå sidelinja når laget spelar opningskampen mot Frankrike i Håkonshall på Lillehammer tysdag kveld. Skal Noreg ha moglegheit til å vinne gull, må tvillingsystera lukkast, meiner ho.

– Blant dei aller beste

– Det har mykje å seie i forhold til forsvar og kontringar. Det er klart at ein god keeper er avgjerande, seier ho.

Også trenar for Vipers Kristiansand, Peder Langfeldt, trur sisteskansen vert avgjerande for norsk suksess.

– Skal du vinne eit meisterskap er du avhengig av at dei aller beste spelarane presterer på eit høgt nivå. Ho er absolutt blant dei og det er heilt avgjerande for Noreg at Katrine står eit godt meisterskap, seier han.

Trenar i ØIF Arendal, Leif Gautestad, støttar opp om dei to andre.

Trur ho vert avgjerande

– Eg trur nok at Katrine blir den viktigaste spelaren under dette meisterskapet. Målvaktspelet har ein fenomenal påverknad på sluttresultatet i handball. At Katrine blir den viktigaste trur eg er nokså sikkert, seier Gautestad til NRK.no.

– Ho er den beste målvakta i alle fall før vi går inn i meisterskapet. Så håpar eg at ho står att som den beste også etter. Då er moglegheita stor for at vi står att med gullmedaljen, seier sukesstrenaren i ØIF Arendal.

Tidlegare handballkommentator i NRK, Unni Anisdahl, er klar på at Lunde Haraldsen blir heilt avgjerande dersom Noreg skal klatre heilt til topps på pallen.

– Den viktigaste brikka

– Nok ein gang er det Sørlandet som kjem til å bli den viktigaste brikka i at det skal bli EM-gull. Då forstår alle saman at ho er ekstremt viktig. Ho må berre halde seg frisk og raskt. Så kan dette bli veldig bra, seier Anisdahl.

Anisdahl meiner keeperen frå Kristiansand har vakse med åra. Erfaringa hennar skapar tryggleik for dei andre spelarane. I tillegg gjer ho det få andre keeparar gjer: ho tek det som kjem av skot.

– Ho tek dei ballane ho skal ta, men ho tek også dei ballane ho ikkje skal ta. Ho står av og til feberkampar som ein av og til kan lure på kva denne tynne stilken er laga av, seier ho.

Gode gullsjansar

– Forsvaret blir trygt når dei veit at det er ho som står bakerst. Gjer dei ein liten bommert er ho der og tek dei ballane som det nesten ikkje er mogleg å forstå korleis ho klarar å ta. Ho sprer tryggleik i forsvaret og det er kjempeviktig, seier Anisdahl.

– Alt ligg ikkje på Katrine, men står ho bra, så har vi veldig gode sjansar til gull, seier søster Kristine Lunde Borgersen.