NRK Meny
Normal

– Kan vippe Larvik av trona neste år

Tidlegare landslagsspelar og handballprofil Preben Vildalen, har stor tru på Vipers-suksess dei neste åra.

Vipers Kristiansand

Vipers-spelarane jublar for scoring mot Larvik tidlegare denne sesongen. Neste år kan dei juble for seriegull, trur Preben Vildalen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Preben Vildalen og Peder Langfeldt

Preben Vildalen er imponert over Vipers denne sesongen. Her er han i samtale med sportsleg leiar i Vipers, Peder Langfeldt.

Foto: Heggheim, Sander / Sander Heggheim/NRK

– Eg trur faktisk Vipers har alle moglegheiter til å vippe Larvik av trona allereie neste år. Det er to klubbar som på forskjellig veg, seier Vildalen til NRK.

Søndag 26. mars 2017 kan bli ein dag for historieboka til Vipers Kristiansand.

Med siger heime mot Glassverket er sølvmedaljen i eliteserien i boks. Den første seriemedaljen sidan 2003.

Medan Vipers er i skikkeleg medvind, er tilstanden heilt annleis i Larvik.

Både Gro og Anja Hammerseng Edin legg opp etter sesongen, Sanna Solberg skiftar klubb, og det same gjer truleg Amanda Kurtovic og Marit Malm Frafjord.

– Sånn som det er no, så trur eg faktisk det er mogleg å nærme seg Larvik, har Vipers-trenar Kenneth Gabrielsen sagt til NRK tidlegare.

Det kan bli suksess og sølv i årets eliteserie til Vipers Kristiansand søndag. Da må de slå Glassverket i siste hjemmekamp. Veien fra forrige pallplassering har fremfor alt vært prega av godt humør.

Vipers kan sikre sølvmedalje søndag.

– Naturstridig

Vipers har styrka stallen før neste sesong med både Katrine Lunde, Emilie Hegh Arntzen og Malin Aune. I tillegg har Vipers fått orden på økonomien sin. I Larvik er framleis den økonomiske biten ei stor utfordring.

– Det hadde sjølvsagt vore artigare om Vipers hadde slått dei medan dei gjorde det bra. Men det er sånn det er. Det er ganske imponerande det Larvik har fått til dei siste 20–30 åra. Det er naturstridig å vere så gode i alle dei åra. At nedturen kjem er normalt, seier Vildalen.

Men Vildalen meiner Vipers har ein lang veg å gå før dei kan bli like dominerande som Larvik har vore, og kjempe i europatoppen.

– Det er mange ting som må på plass. Du må ha leiarar som har vore med internasjonalt, og du må ha spelarar som veks inn i det. Larvik brukte 15 år på å komme til ein semifinale i Champions League. Ting tek tid, seier han.

Lunde signerer Vipers

Katrine Lunde vender heim og spelar for Vipers Kristiansand neste sesong.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Trur publikum kan vippe til siger

– Men alt er mogleg, og dei kan sjølvsagt klare det. Akkurat no er Vipers eit flaggskip i handballen. Dei har mange flinke folk. Peder Langfeldt med sitt nettverk på spelarlogistikk og Terje Marcussen som må vere den flinkaste daglege leiaren i idretten, seier Vildalen.

Søndag ettermiddag kan altså Vipers ta eliteseriesølv.

Det blir over 2000 tilskodarar og smekkfulle tribunar. Vildalen meiner det kan avgjere sølvkampen.

– Det betyr enormt mykje berre å varme opp føre mange tilskodarar. Du kjenner at pulsen slår. Det er heilt fantastisk. Det er slikt vi drøymer om, seier Vildalen som sjølv har spelt føre tusenvis av tilskodarar i tysk topphandball.

Aquarama Vipers - Larvik

Det blir fulle tribunar når Vipers tek imot Glassverket søndag. Bilete er frå ein kamp mot Larvik tidlegare denne sesongen. Også då var det fullt.

Foto: Sander Heggheim/NRK