Hopp til innhold

– Kan risikere å brekke nakken

Publikum var vitne til eit brutalt show på Vikingmarknaden i Høvåg i Lillesand søndag. Sverd, eggkasting og slåsting var noko av det som stod på programmet.

Erlend Rye Havnås

Erlend Rye Havnås

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK
Kristine Engum

Kristine Engum

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK

– Dette er rått, men dei har øvd på dette lende, så faren med det dei gjer er minimal. Men sjølvsagt kan ein brekke ein arm eller ein nakke. Det veit ein aldri, seier Helge Grønli, som har etablert Bronseplassen i Høvåg.

I helga var han med på å arrangere den 15 Vikingmarknaden på rad.

– Det er ei spennande tid. Tenk deg i 300 år var det vikingane som herska over Europa. Kvar einaste bukt og elv. Dei herja, røva, men var også handelsmenn, seier han.

Straffa med eggkasting

I tillegg til slåsting med skikkelege sverd kunne gjestene handle på vikingmarknaden og prøve ut pil og boge.

– Mesteparten av marknaden er for å vise handtverk og korleis ein handelsmarknad var den gangen. Så er vi så heldige at vi har nokre raske karar som er med, og det gjer det sjølvsagt spennande for publikum, smiler han.

Ein av dei raske karane var Erlend Rye Havnås. Han spelte rolla som træll, og måtte tole å bli kasta eit titals egg på av dei frammøtte.

– Det er for å vise korleis det kunne vere i gamledagar med trællar. 70 prosent av befolkninga i Norge i vikingtida var jo træller. Eggkasting og fysisk avstraffing var jo heilt normalt på den tida, seier han.

– Korleis er det å vere træll?

– Ikkje så gøy akkurat no, men det er artig då. Litt vondt iblant. Det er jo gøy å vise seg fram litt også, flirer han.

Artikkelen fortsetter under videoen.

Video 54af6fe0-3106-428c-a9c9-59e13e857133.jpg

– Skal vere brutalt!

– Dei ti første egga er verst. Og dei 20 siste. Det gjer litt vondt når egga ikkje sprekk. Men du blir full av adrenalin, så du gløymer det heilt. Hadde det vore slik kvar dag hadde det vore litt verre, smiler han.

Kristine Engum var den einaste kvinna som deltok i slåsting og fekting. Men med god trening klarte ho å hamle opp med karane.

– Det er utruleg kult og kjempegod trening. Du lærer utruleg mykje og gutane er fantastiske. Det er kjempegøy, seier ho til NRK.no.

– Det ser veldig brutalt ut. Nettopp slike show er for å sjå brutale ut. Vanlegvis trenar vi mykje teknikk og taktikk. Vi har veldig høgt fokus på sikkerheit, seier ho.

Kristine Engum

TØFT: Kristine Engum i kamp.

Foto: Per-Kåre Sandbakk

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %