NRK Meny
Normal

– Kan ikkje fatte kvar du skal finne pengane

Arbeiderpartiet og Kristeleg Folkeparti trur Tvedestrand vert tvinga til å innføre eigedomsskatt. Ordførar Jan Dukene (TTL) seier tvert nei.

Debatterte eiendomsskatt i Tvedestrand.

Sjå heile debatten her.

Valglogo

– Kva skal du finne pengane då? Eg kan ikkje fatte det, sa Arbeiderpartiets ordførarkandidat May Britt Lunde til ordføraren i ein NRK-sendt debatt i Tvedestrand torsdag ettermiddag.

Tvedestrand har skular som er slitte. Vasslekkasjar og dårleg vedlikehald er ein del av kvardagen til elevar og lærarar ved byen sin eldste grunnskule.

Lunde meiner kommunen må innføre eigedomsskatt for å få råd til å byggje ein ny barneskule.

Ordføraren: – Vi lever godt her endå

– Tvedestrand har veldig dårleg økonomi og er på randen av Robek-lista. Eg forstår ikkje korleis vi skal finansiere ein ny skule og samstundes oppretthalde lærarressursane eller innan pleie og omsorg. Eg lurer på kvar vi skal kutte dersom vi ikkje innfører eigedomsskatt, seier Lunde.

Noværande ordførar Jan Dukene meiner han kan få til ein ny skule utan kutt - og utan å innføre eigedomsskatt.

– Eg trur ikkje eigedomsskatt er løysinga. Vi skal sjå på dette framover. Vi skal finne pengar. Det har vi funne i 20 år og det skal det skal vi klare i den kommande perioden også. Vi har lang veg å gå før det er snakk om eigedomsskatt endå. Tenestetilbodet i kommunen er framleis godt. Sjølv om det er snakk om kutt, kutt og kutt kvart år, så lever vi godt her endå, seier Dukene.

Også KrF meiner at kommunen ikkje vil klare tunge investeringar utan å innføre eigedomsskatt.

– Eg trur ikkje vi kjem utanom det no. Eg har vore med i politikken i Tvedestrand i over 20 år. Økonomien har alltid vore stram. Vi er ikkje hissige på å innføre eigedomsskatt, men ser at det kan vere eit naudsynt onde, seier KrFs ordførarkandidat Torleif Haugland.

Høgre fryktar eigedomsskatt

Haugland peikar mellom anna på at kommunen står utan både næringssjef og kultursjef.

– Vi ser manglar på begge områda. Konsekvensen er at vi ikkje har desse tenestene godt nok dekka. Det er eit døme på utfordringa vår. Vi må få større inntekter, seier Haugland.

Til og med Høgre, som normalt sett ikkje er tilhengjar av eigedomsskatt, fryktar at det kan bli tilfelle.

– Eigedomsskatt skal eventuelt ikkje gå inn i drifta, men må knytast opp mot investeringar. Vi må setje i gang eit større arbeid og sjå på heile strukturen i kommunen og sjå kvar vi kan spare. Det er naturleg å ta gjennomgangen no, seier Høgre sin ordførarkandidat Knut B. Aall.

Dukene står på sitt og meiner Tvedestrand ikkje treng å innføre eigedomsskatt.

– Eg trur vi finn ei løysing utan å innføre eigedomsskatt. Eg trur løysinga ligg i å vere restriktive og passe på drifta, seier Dukene som representerer Tvedestrand tverrpolitiske liste (TTL).

– Kan du garantere at det ikkje vert eigedomsskatt?

– Ja, svarar Dukene.

Rektor ved byens eldste skole etterlyser bedre vedlikehold.

Vasslekkasjar og dårleg vedlikehald av skular var eitt av temaene i debatten.