Hopp til innhold

– Kan ikkje bygge veg utan å øydelegge litt natur

Frps stortingskandidat i Vest-Agder, Gisle Meininger Saudland, går hardt ut mot SV og MDG i vegdebatten.

Nye Veier bygger E39 mellom Kristiansand og Mandal.

Frp-politikaren Gisle Saudland meiner det ikkje er mogleg å byggje motorveg utan at man må ta frå naturen. Han seier det er viktigare å tenkje på liv og helse.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

– Dei har på seg Oslo-briller og ser ikkje utfordringane. Det er lett å sitje i hovudstaden og aldri køyre bil. Vi bur faktisk i Noreg vi i distrikta også. Vi har krav på ein skikkeleg sikker og trygg veg, slik at vi slepp å sende barna våre i bilen med hjartet i halsen, seier Gisle Meininger Saudland (Frp).

E39 gjennom heimkommunen hans, Flekkefjord, er ofte stengt på grunn av dårleg vinterføre og lastebilar som set seg fast på glatta.

I tillegg skjer det kvart år ein rekke møteulykker på denne vegstrekninga.

Onsdag vart det kjent at det statlege aksjeselskapet endrar strategi. Dei skal no vurdere meir gjenbruk av eksisterande vegar over heile landet for å spare naturen.

– Vi kan heller seie nei til storstilt vindmølleutbygging som også krev mykje natur, seier Frp-toppen.

Nye Veier bygger E39 mellom Kristiansand og Mandal.

Nye Veier er godt i gang med utbygging av firefelts motorveg mellom Kristiansand og Stavanger. Her arbeider dei på ei strekning mellom Kristiansand og Mandal.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Meiner liv og helse kjem før miljø

I Agder er det store planar om bygging av ny E18 og E39. Ny veg mellom Kristiansand og Mandal står klar neste år. Planen er å bygge firefelts motorveg samanhengande frå Kristiansand til Stavanger.

Både MDG og SV har sagt dei vil leggje ned vegselskapet Nye Veier og stoppe utbygginga av ny E39 gjennom Agder dersom dei kjem til makta etter valet.

– Det er ganske bakstreversk rett før ein skal setje spaden i jorda å seie at ein ikkje har lyst på vegen fordi den tek noko natur. Sjølvsagt gjer den det. Det går ikkje an å bygge veg utan at det tek noko natur. Vi må tenke framkommelighet, liv og helse først, seier Saudland.

Kø på E39

Et velkjent syn på E39 gjennom Vest-Agder når snøen legg seg og trafikken står stille i fleire timar.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

– Gammaldags tankegang

– Dette er så gammaldags tankegang, svarar MDGs toppkandidat i Agder, Oda Sofie Pettersen.

– Dersom ein er oppteken av trafikksikkerheit må vi gjere tiltak på fylkesvegane våre. Vi må bygge trygge sykkel- og gangvegar. Det Finn vi pengar til fordi vi reduserer talet på nye motorvegar. Det er ironisk å tru at sikkerheita aukar med nye motorvegar. Det er fart som tek liv, seier ho.

Pettersen presiserer at dei ikkje vil stoppe vegprosjekt som allereie er i gang. Men dei vil stoppe prosjekt som er vedteke, men endå ikkje sett i gang.

I sitt alternative budsjett vil MDG bruke 1,6 milliardar kroner på å kjøpe seg ut av inngåtte kontraktar i regi av Nye Veier.

– Med Frp sin tankegang vil alle pengane gå inn i svære motorvegar. Då blir det mindre til trafikksikkerheit og viktige toginvesteringar, seier Pettersen.

Oda Sofie Pettersen, stortingskandidat for Miljøpartiet De Grønne

Oda Sofie Pettersen stiller til valg for MDG i Vest-Agder.

– Ironisk

SV sin 1.-kandidat frå Vest-Agder Solveig Skaugvoll Foss meier det er ironisk at Saudland frå Frp snakkar om ha på seg Oslo-briller når han ynskjer å byggje firefelts motorveg.

– Det er jo distriktsvennleg å ta pengar frå motorveg å heller bruke dei på lokale vegar og gang- og sykkelvegar. Då satsar vi jo der folk bur. Det bur jo ikkje folk rundt dei nye planlagde motorvegane, seier Foss.

Ho forklarar at nye bustadfelt og nye butikkar og sentre vert planlagd rundt dei nye motorvegane, langt utanfor sentrum.

– Så motorvegen er i seg sjølv sentraliserande og det motsette av å satse lokalt. Det som er å satse lokalt er å fikse opp vegane der folk bur, seier ho.

Ho synast det er bra at Nye Veier no seier at dei vil operere på ein meir miljøvennleg måte, eller ein mindre naturfiendtleg måte, som ho kallar det. Likevel vil SV helst leggje ned det statlege vegselskapet.

– Nye Veier har vist seg å ta snarvegar når det gjeld miljø og lokaldemokrati. No har vi sjansen til å redde natur. Men då må vi handle før motorvegane vert bygde, seier Foss.

Ho meiner vegselskapet har allereie bygd ned ei enorm mengde natur. Vi meiner nok er nok, og at Statens vegvesen skal stå for den statlege vegutbygginga framover, seier ho.

Arendalsuka 2021.

Kari Henriksen seier at Arbeidarpartiet aldri har hatt noko mål om å leggje ned Nye vegar.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Ikkje aktuelt å legge ned Nye Veier

– Arbeidarpartiet vil ikkje legge ned Nye Veier, presiserer partiet sin toppkandidat i Vest- Agder, Kari Henriksen.

Ho seier at Arbeidarpartiet ynskjer firefelts motorveg gjennom fylket. Dessutan meiner ho at dei strekningane som er planlagde i Agder skal gjennomførast.

– Men det er ikkje Arbeidarpartiet som skal planleggja vegutbygginga i detalj. Det er derfor vi har vegekspertar i dei to store selskapa, Statens vegvesen og Nye Veier, seier Henriksen.

Ho er glad for at Nye Veier har tatt innover seg frykta for naturøydeleggingar og støtter planane som vart lagt fram om å bruke gamle vegstrekninga om igjen.

– Det er bra at Nye Veier lyttar til innspel frå naturvernhald.

– Men så har Arbeidarpartiet sagt at vi ynskjer ein evaluering av korleis utbygginga av vegane skjer. Der vil vi sjå på arbeidsfordelinga mellom Vegvesenet og Nye Veier, men det handlar ikkje om å leggje ned nokon av selskapa. Vi ser at vegnettet har hatt godt av denne satsinga, seier Henriksen.

– Vi må sørge for at ressursane vi bruker på veg, vert nytta på best mogleg måte. Og vi ynskjer mest mogleg veg for kvar krone.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %