Hopp til innhold

– Kan få fatale følgjer for blodforgifta pasientar

Sørlandet sykehus får kraftig kritikk av Helsetilsynet som fryktar at pasientar, som kjem til akuttmottaket med blodforgifting, ikkje får den behandlinga dei skal ha.

Akuttmottaket ved Sørlandet sykehus Kristiansand

Akuttmottaka ved Sørlandet sykehus får kritikk i ein rapport frå Helsetilsynet.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Sjukehuset er pålagt å følgje nasjonale standardar som er sett for pasientar som kjem inn med mistanke om blodforgifting.

Geir Stangeland

Geir Stangeland er fylkeslege i Vest-Agder.

Foto: Reidar Mosland / NRK

Det er desse standardane sjukehuset ikkje følgjer.

– Fleire av dei praktiske tinga som skal skje med ein pasient som kjem inn, vert ikkje utført eller dokumentert utført i tide. Det er det vi har påpeika som eit problem ved akuttmottaka i Arendal og Kristiansand, seier fylkeslege Geir Stangeland.

  • Sjå avvika i faktaboksen nedst

– Kan få fatale følgjer

Fylkeslegen fryktar at forholda som er avdekka inneber ein risiko for sikkerheita til pasientane som kjem inn på akuttmottaka.

– Behandlinga kan komme i gang for seint. Dette er ein tilstand som kan føre til organsvikt hos nokre pasientar. Det er særs alvorleg og kan ha fatale følgjer, seier Stangeland.

Sjukehuset har sjølv rapportert om avvik der pasientar har fått for sein behandling og oppfølging.

– Vi har ikkje noko konkret som tilseier at sjukehusa har hatt dødsfall på grunn av dette, seier fylkeslegen.

– Funna er alvorlege

Stangeland peikar også på at avdelingar som overtek ein pasient frå akuttmottaket, ikkje får naudsynt informasjon om vidare oppfølging på sengeposten.

I tillegg sikrar ikkje sjukehuset at alle pasientar med blodforgifting eller mistanke om dette, får forsvarleg behandling med antibiotika, oksygen og væske på akuttmottaket, går det fram av tilsynsrapporten frå Helsetilsynet som NRK har fått tilgang til.

– Funna er alvorlege og må rettast. Vi trur også dette har overføringsverdi på ein del andre akutte tilstandar. Sjølv om dei har eit system som er skriftleg nedfelt, viser det seg at det ikkje vert følgt.

– At dei ikkje har dokumentert ein god del tal og registreringar gjer at leiinga ikkje kan følgje med på om dei gjer det dei skal til ei kvar tid, seier fylkeslegen.

Flyttar erfarne legar til akuttmottaket

Per Engstrand

Per Engstrand er fagdirektør ved Sørlandet sykehus.

Foto: Kari Løberg Skår / NRK

Sørlandet sykehus tok tak i utfordringane for tre veker sidan.

Fagdirektør, Per Engstrand, seier det manglar kompetanse på akuttmottaka.

– Dette handlar om at vi kanskje ikkje har god nok kompetanse på legar som er i akuttmottaket. Det handlar ikkje om den enkelte lege, men at vi i større grad må ha meir erfarne legar og kanskje spesialistar, som ser på pasientar i første linje, seier Engstrand.

Sjukehuset har allereie gjort endringar.

– Det skal no vere mogleg å få fleire erfarne legar til å komme raskt på akuttmottaket. Dei skal vere tidleg ute med å vurdere pasienten slik at vi raskt får ein diagnose, seier Engstrand.

– På sikt må vi sjå korleis vi kan sette dette i system. Så må vi innføre ulike system med sjekkliste for å sjå at vi følgjer opp tiltaka.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %