Hopp til innhold

Hylla som heltar: – Neste år rykker vi opp

Jerv-supporterane er samstemte etter at opprykket rauk på Nadderud stadion. – Jerv rykker opp neste år, seier dei.

Sent natt til mandag kom Jerv-spillerne hjem til Grimstad, her ble de tatt imot som vinnere

Sjå video.

Jerv-spelarane vart møtt av syngande supporterar då dei kom til Apotekergården i Grimstad natt til måndag.

At opprykksdraumen brast mot Stabæk berre få timar tidlegare var umogleg å sjå.

Supporterar, frivillige og sponsorar tok imot spelarane som heltar.

– I 2017 blir det direkte opprykk. Det er ikkje nokon tvil om noko anna, seier ein supporter.

– Eventyrleg

Trass i at opprykket glapp i sluttminutta mot Stabæk var stemninga på topp.

– Det har vore ein eventyrleg sesong. Vi er sjølvsagt skuffa der og då, men så har vi analysert sesongen på veg heim frå Bærum. Vi er supernøgde. Vi skal gje jernet i 2017, seier styreleiar i FK Jerv, Per Gunnar Topland til NRK.

Steg for steg er klubben i ferd med å ruste seg til eliteseriespel. Fredag vart dagleg leiar tilsett. Til våren skal ny tribune etter planen stå klar på Levermyr stadion, for å ta imot fleire tilskodarar.

I tillegg skal budsjettet aukast med millionar. Klubben vil også forlenge kontrakten med trenar Arne Sandstø som går ut neste år.

– Det er ingen tvil om kva vi ynskjer. Vi skal sette oss ned i vinter og diskutere dette, seier styreleiaren.

Skal styrke stallen

Klubben har også fleire spelarar i kikkerten for å styrke stallen til neste års 1. divisjon.

– 2017 blir ein kanonsesong, seier Topland.

– Blir Jerv med i toppen?

– Garantert, ja. Med dei vi har på gang no, og spelartroppen som er der i dag, skal vi garantert vere i toppen også i 2017, seier styreleiaren.

Jerv-supporterane nekta å deppe etter at opprykket glapp i sluttminutta mot Stabæk, og ser heller framover.

– Neste år er opprykk garantert, tenker eg, seier ein av supporterane.

No ser klubben fram til lokaloppgjer mot både Start og Arendal til neste sesong.

– Det blir kjempegøy, seier Topland.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 1,36 kr
Dyrest kl. 08 1,96 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5 %