Hopp til innhold

– Jerv berga fotballkarrieren mi

Ohi Omoijuanfo var så langt nede i fjor haust at han byrja å tvile på si eiga fotballframtid. Så kom telefonen frå Jerv og trenar Steinar Pedersen.

Ohi om hvorfor han valgte Jerv, og takknemligheten over å ha fått karrieren på rett kjøl igjen.

Sjå intervju med Ohi Omoijuanfo og Steinar Pedersen.

– Eg var på eit punkt i karrieren mi der eg var veldig nedbroten og hadde dårleg sjølvtillit. Eg snakka med fleire eliteserieklubbar, men ingen ville ha meg. Eg byrja å tenke at eg kanskje ikkje var god nok, seier Omoijuanfo til NRK.

Jerv har scoret mot Fredrikstad

Ohi Omoijuanfo har hatt ein kjempesesong i Jerv.

Foto: Morten Rosenvinge

Han var Lillstrøm-spelar men var ikkje i nærleiken av å spele seg inn på eliteserielaget.

Samstundes jobba Steinar Pedersen med å førebu Jerv til 1. divisjon etter opprykket frå 2. divisjon.

Ohi var eitt av namna han hadde på blokka. Dei to kjende kvarandre frå då Pedersen sjølv spelte i Lillestrøm.

– Eg stolte på Steinar

– Steinar sa i telefonen at han hadde veldig tru på meg. Så sa han: «kom hit, så lovar eg deg at du er tilbake i eliteserien i løpet av eitt år», fortel han.

– Eg stolte på han. Eg har hatt eit veldig godt forhold til han veldig lenge og var aldri i tvil om at han kunne hjelpe meg med å ta det steget eg trengde, seier 21-åringen.

– Eg hugsar godt den samtalen. Eg visste kva vi fekk i Ohi. Det er treningsmiljøet og gruppa som har hjelpt han tilbake til eliteserien, seier Steinar Pedersen.

Midtbanespelaren vart umiddelbart ein suksess i Jerv-drakta. I løpet av sesongen scora han 15 gonger og vart klubbens toppscorar.

No anbefaler den tidlegare Lillestrøm-spelaren andre spelarar i liknande situasjon å reise til Jerv.

– Steinar er ein veldig flink trenar og gruppa er fin å ha med å gjere. Eg veit det er mange spelarar i same situasjon. Dei må tore å ta steget ned eitt år og få tilbake sjølvtilliten og ta steget opp igjen slik eg har gjort, seier han.

Steinar Pedersen, FK Jerv

Jerv-trenar Steinar Pedersen på sidelinja mot Brann på Levermyr stadion tidlegare i sesongen.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Jaktar erstattar

Søndag var han med på å sikre kvalifiseringsplass med Jerv. Få dagar seinare skreiv han under ei treårskontrakt med eliteserieklubben Stabæk.

– Eg hadde eit par valmoglegheiter, men var ganske sikker på at det var Stabæk eg ville signere for då dei kom på bana. Det er nær Oslo og ein stor klubb som er flink med unge talent. Eg trur dei kan hjelpe meg til å bli den spelaren eg veit eg kan bli, seier Omoijuanfo.

Jerv jobbar no med å erstatte Omoijuanfo.

– Vi sonderer terrenget og skal ha eit veldig slagkraftig lag også i 2016, seier Pedersen.

Søndag spelar Jerv kvalifisering til eliteserien borte mot Hødd.

Jerv

Ohi har blitt ein publikumsfavoritt i Jerv. Her feirar han kvalifiseringsplassen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %