Fiskeriministeren: – Ingen grunn til å droppe rekene

Fiskeriminister Elisabeth Aspaker meiner at nordmenn kan ete reker med godt samvit.

Aspaker

Fiskeriministeren nyt reker på Sørlandet.

Foto: Nina Eilertsen/NRK

– Eg har ei gladmelding til alle som er glade i reker. Eg ser ingen grunn til å ta rekekosen ifrå folk, sa Aspaker til NRK då ho besøkte Havforskningsintituttet i Flødevigen onsdag.

I juni gjekk miljøorganisasjonen WWF ut og åtvara folk mot å ete reker. Dei meiner at reker er blitt ei delikatesse som høyrer heime på nei-lista. No avbles fiskeriministeren «rekekrisa».

– Vi har gode data

– Vi har havforskarar, vi har dialog med naboane våre i Sverige og Danmark. Vi har dialog med EU om at vi skal lage ein forvaltningsplan knytt til reker. Det er eigentleg ingenting i dag, som tilseier at vi ikkje skal kunne hauste reker berekraftig også i åra framover, seier statsråden.

Nina Jensen

Generalsekretær i WWF, Nina Jensen.

Foto: WWF-Norge

Aspaker viser mellom anna til at det er innført skillerist i Skagerrak og Nordsjøen. Ho meiner at dette er mellom tiltaka, som gjer at fisket blir berekraftig.

– Eg meiner vi har gode data, som gjer at vi kjenner oss trygge på at måten vi forvaltar reker på i Skagerrak, er på same måte som vi forvaltar torsken på i Barentshavet, seier ho.

Jensen: – Ikkje overraskande

WWF hevda mellom anna til at dumping av småreker aukar i dei Skandinaviske landa.

Dei viste også til at forskarar ved Det internasjonale havforskingsrådet meiner at rekebestanden truleg er lågare enn ein hadde trudd.

Generalsekretær i WWF Nina Jensen meiner framleis at rekebestanden i Skagerrak er truga.

– Ein kan ikkje automatisk friskmelde rekebestanden frå ein dag til den neste. Det er ikkje overraskande at fiskeriministeren meiner dette. Det er vel sjeldan at ein høyrer at fiskeriministeren sjukmelder eit fiskeri ho sjølv forvaltar, seier Jensen til NRK.

Vil skru av varsellampa

Fiskeriministeren meiner uansett at det ikkje er grunn til å rope varsku kring rekebestanden.

– Vi må leggje bak oss den raude varsellampa. Så skal vi passe på at vi forvaltar reker på ein slik måte at vi skal kunne ete reker i uendeleg tid framover, seier ho.

– Er det problematisk at to partar tolkar dei same forskingsresultata så ulikt?

– Eg tykkjer det er problematisk. Vi hadde eit møte i Fiskeridirektoratet etter at WWF kom med si åtvaring. Det møtet var dei med på. Det er viktig at vi har ein dialog slik at vi ryddar misforståingar av vegen, seier fiskeriministeren.

– Et reker frå Barentshavet

Nina Jensen i WWF står fast ved rekebestanden er truga. Ho viser igjen til at det har vore ei tredobling av rekefangsta dei siste åra.

– Leiande havforskarar påpeikar at bifangst av kysttorsk er ei av hovudutfordringane til at denne truga arten skal få bygt seg opp att, seier ho.

– Samstundes ser vi at forskarar anbefaler ei kvote på rundt 6000 tonn. Fiskeriministeren og hennar kollegaer har sett kvoten til 9000 tonn. Det er sjølvsagt ikkje berekraftig å setje kvoten så mykje høgare enn forskarane si anbefaling, seier Jensen.

Ho står framleis ved at nordmenn ikkje bør ete ferske reker frå Skagerrak og Nordsjøen i sommar.

– Eg vil anbefale alle å velje reker frå Barentshavet denne sommaren. Dei er både godt forvalta, fiska på ein god måte, og dei har fått grønt lys frå WWF. Det betyr at rekene er sikra godt i sommar, men ein bør gjere dei rette vala, seier ho.

REKEFISKE

WWF meiner framleis at folk ikkje bør ete reker frå Skagerrak og Nordsjøen i sommar.

Foto: Meek, Tore / NTB scanpix