Hopp til innhold

– Ikkje store endringar i ei eventuell storkommune

Dag Ingvar Jacobsen trur det blir ein lang og tung prosess fram mot ei eventuell kommunesamanslåing av Kristiansand og nabokommunane. Han trur likevel ikkje at det blir store endringar.

Dag Ingvar Jacobsen

Førsteamanuensis ved UiA, Dag Ingvar Jacobsen, trur mykje blir likt slik det er i dag i ei eventuell samanslåing av kommunane Birkenes, Kristiansand, Lillesand, Songdalen og Søgne.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Eigentleg så er det nesten som fem kommunar som skal fortsetje under ein ny paraply som ein endå ikkje veit kva heiter.

Det seier Jacobsen om forhandlingane om kommunesamanslåinga av Birkenes, Kristiansand, Lillesand, Songdalen og Søgne.

Viss dei fem kommunane blir slått saman, skal storkommunen styrast av eit kommunestyre med inntil 77 medlemmer.

Det går fram av den førebelse intensjonsavtalen som er laga. Storkommunen skal ha bydelar med politisk valde organer.

– Ei form for minimumsløysing

Jacobsen trur at arbeidsprosessen, som har førebels arbeidstittel K5, kan ende opp med eit system som er meir komplekst enn det som er i dag.

– Hovudinntrykket som sit igjen etter å ha sett intensjonsavtalen er at dette er ei slags form for minimumsløysing. Det betyr at i veldig stor grad kjem dei gamle kommunegrensene til å bestå, og de gamle kommunane kjem til å oppretthalde veldig mykje av si avgjerdsmyndigheit og makt.

Han viser til at mykje blir likt slik det er i dag.

– Det skal delast inn i bydelar som framleis skal ha dei same kommunenamna, ein skal ha eigne bydelsutval som skal liggje i dei gamle kommunane, ein skal ha eit direkte val som liknar dei gamle ordningane med kommuneval som ein har i dag, og ei rekkje andre ting.

Skal ikkje merke storkommune

Ordførar i Songdalen, Johnny Greibesland, leiar arbeidet med kommunesamanslåinga mellom dei fem kommunane.

Han meiner det blir liten forskjell for innbyggjarane ved samanslåing av fem kommunar.

– Eg håper folk ikkje skal merke så mykje forskjell. At det skal vere aktivitet i alle kommunane, alle kommunane skal utviklast og ein skal kunne sjå vekst i befolkninga.

Han ser positivt på det faktum at det eventuelt ikkje blir så store endringar.

– Det er kanskje det som er det veldig gode i dette. For litt av frykta har vore at dette er ein sentraliseringsprosess, men eg håpar med dette utkastet at kommunestyra synest dette er eit godt utgangspunkt.

Sjå heile intervjuet med Johnny Greibesland i videoen under:

Hvis kommunene under arbeidstittelen K5 slås sammen, skal storkommunen styres av et kommunestyre med inntil 77 medlemmer.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %