– Ikkje stol blindt på mobilen
Dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor åtvarar turistane mot å la kart og kompass ligge heime når dei skal til fjells i påska. Amundsen seier folk er blitt godt vande med god mobildekning og ventar god dekning heile tida over alt.