Hopp til innhold

– Hyggeleg å komme til Aust-Agder

Kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit var i strålande humør då dei møtte pressa i Grimstad, under fylkesbesøket i Aust-Agder tysdag ettermiddag.

– Det er hyggelig å komme hit til Aust-Agder. Vi kjenner kysten godt frå før. Det er fint å bli kjent i innlandskommunane. Vi har eit variert og spennande program, sa kronprins Haakon.

LES OGÅS: Kronprinsparet i Aust-Agder

– Vi har moglegheit til å sjå mange delar av livet her i Aust-Agder. Vi set pris på å komme der folk bur, og høyre korleis folk har det og bli litt betre kjent her, sa kronprinsen.

Kronprinsparet i Lillesand

LILLESAND: Kronprinsparet starta fylkesbesøket i Lillesand tysdag morgon.

Foto: Kallestad, Gorm / Scanpix

– Fin start på dagen

Kronprinsparet starta fylkesbesøket i Lillesand i dag tidleg. Der møtte tusenvis av festkledde menneske opp.

SJÅ BILETA: Kongelig sørlandsbesøk

– Det var ein utruleg start på denne turen. For meg er det kjekt å komme til Aust-Agder. Det var utruleg å komme til Lillesand å sjå alle dei skjønne barna. Det var ein veldig fin start på dagen, sa kronprinsesse Mette-Marit.

Frå Lillesand gjekk turen til Evje. Der var dei innom blant anna Setesdal Mineralpark og fengselet på Evje.

– Møtet med menneska og få lære meir om ulike livssituasjonene og få høyre meir om korleis det er å vere barn eller ungdom på Evje er veldig interessant. Eller korleis det er å vere innsett i eitt av fengsela våre, og kva som må til for å ha eit bra liv, sa kronprinsen.

Elever på Evje venter på kronprinsparet

EVJE: Kronprinsparet vart godt teke imot på Evje.

Foto: Knut Knudsen Eigeland / NRK

På to hjul

Under Grimstad-besøket sykla kronprinsparet miljøvegen saman med barn og vaksne.

– Det er jo ein kjempefin måte å sjå Grimstad på. Så er det godt å få bevege seg litt. Det blir mykje sitting i løpet av ein slik dag, lo Mette-Marit.

– Grimstad er eg alltid innom eit par gonger i løpet av sommaren. Det er ein utruleg flott by med veldig skjønne menneske, sa kronprinsessa.

Mette-Marit stod for den offisielle opninga av Campus Grimstad ved Universitetet tysdag ettermiddag.

– Eg har eit spesielt forhold til Grimstad i og med at eg har studert her sjølv og kjenner studentmiljøet. Det er eit fantastisk studentmiljø. Eg var veldig stolt då eg kom tilbake til campusen og såg kor flott den er blitt. Grimstad kan verekeleg vere stolte av den, sa Mette-Marit.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %