Hopp til innhold

– Hugsar ingenting frå drapet

Den sikta 21-åringen hvedar at han ikkje hugsar noko frå drapet på eks-kjærasten natt til søndag.

Kvinne drept i Kristiansand
Foto: Benedicte Goa Ludvigsen/NRK

Advokat Sveinung Søndervik Johnsen

Sveinung Søndervik Johnsen.

Foto: Anne Torhild Nilsen / NRK

Drap i Kristiansand

DREPT: 20-åringen vart funne død i ei leilegheit i Østerveien i Kristiansand natt til søndag.

Foto: Sander Heggheim/NRK
Constansa Hernandez

DREPT: Constansa Hernandez vart drepen av eks-kjærasten.

Foto: Faksimile facebook.com
– Ut ifrå omstenda forstår han at det er han som er gjerningsmannen, men han hugsar ikkje noko frå sjølve gjerninga, seier 21-åringen sin advokat, Sveinung Søndervik Johnsen til NRK.no.

Den sikta mannen har blitt avhøyrt på sjukehuset i Kristiansand. Bakgrunnen for det er at mannen skada seg sjølv då han vart arrestert. Før det stakk han eks-kjærasten til døde i ei leilegheit i Østerveien i Kristiansand.

Skuldspørsmålet

– Avhøyret er ikkje ferdig endå. Vi vil halde fram utover kvelden, seier Søndervik Johnsen.

Så langt har ikkje skuldspørsmålet vore tema.

– Så langt har vi ikkje komme endå. Avhøyret vart avbrote og skal halde fram seinare i dag. Så vi har ikkje vore inne på skuldspørsmålet endå, seier advokaten.

Tidlegare i dag samla vener og medelevar av drepte Constansa Hernandez seg i Hånes kirke i Kristiansand, for å minne 20-åringen.

– Utruleg sterkt

– Det er utruleg sterkt å sjå alle desse ungdommane heilt nedbrotne og heilt knust, seier sogneprest Anne B. Øvensen.

Advokat Sveinung Søndervik Johnsen, seier at klienten hans er lei seg etter det som har skjedd.

– Han tek det frykteleg tungt. Han er sterkt berørt av det som har skjedd. Han er frykteleg nedfor. Det er ikkje til å komme frå at det som har skjedd er ei tragedie for alle partar, seier Søndervik Johnsen.

Minnestund for Constansa Hernandez

MINNESTUND: Vener og medelevar minna Constansa Hernandez i Hånes kirke måndag ettermiddag.

Foto: Per Kåre Sandbakk/NRK

Seier lite

Påtaleleiar Nils Anders Grønås vil ikkje seie mykje om kva som har komme fram i avhøyr så langt.

– Han forstår at det er han som har gjort drapet, utan at det ligg noko erkjennelse av straffeskuld i det, seier Grønås til NRK.no.

– Eg vil ikkje kommentere øvrige opplysningar i avhøyret, seier Grønås.

21-åringen, som er sikta for forsettleg drap, vil bli framstilt for varetektsfengsling tysdag.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %