Hopp til innhold

– Homodebatt fører til stor valdeltaking

Ein heit debatt om likekjønna vigsel i kyrkja vil føre til større deltaking i kyrkjevalet enn på mange år, trur fleire.

Bård Nylund (t.h)

Bård Nylund (t.h) meiner debatten om vigsel av homofile i kyrkja vil få fleire til å stemme i kyrkjevalet.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Eg opplever at veldig mange er opptekne av kyrkjevalet, som ikkje har vore opptekne av det før, seier leiar i Landsforeininga for lesbiske og homofile (LLH), Bård Nylund til NRK.

Torsdag kveld fekk han med seg ein debatt om vigsel av homofile i kyrkja under Skeive Sørlandsdager.

Ein debatt som definitivt ikkje nådde kokepunktet. Debattantane vart til og med omtala som eit «roleg og disiplinert panel» med «innestemmer» av debattleiaren.

– Frykteleg spennande

– Det er viktig med ein slik debatt for å synleggjere skilnadene. Nokon ynskjer ei kyrkje for mange, medan andre vil køyre på med ei kyrkje for dei få, meiner Nylund.

Det er første gong at det vert stilt to lister ved kyrkjevalet. Open Folkekyrkje vart starta etter Kyrkjemøtet i fjor. Dei jobbar for likekjønna ekteskap i kyrkja.

Kjetil Drangsholt

Kjetil Drangsholt er førstekandidaten til Open Folkekyrkje i Kristiansand.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Stein Reinertsen

Biskop i Agder og Telemark, Stein Reinertsen.

Foto: Sander Heggheim/NRK
Kjetil Drangsholt i Open Folkekyrkje støttar Nylund og trur på langt fleire stemmer enn ved tidlegare kyrkjeval.

– Eg såg ei analyse som antyda at 37 prosent av kyrkja sine medlemmer vil stemme. Sist gong var det 13,5, så det er gedigent. Eg trur vi vil få mange stemmer og eg ser fram til valet med glede. Det er frykteleg spennande.

– Kan gå begge vegar

Øivind Benestad i Levande Folkekyrkje har allereie signalisert at han melder seg ut av kyrkja dersom det vert opna for homofil vigsel der. Også han trur på stor valdeltaking.

– Det er utruleg ope. Ingen veit korleis dette vil gå, men det er veldig spennande, seier han til NRK.

– Det er mange i samfunnet, også dei som ikkje er aktive kyrkjegjengarar, som er einige i at ekteskapet er for mann og kvinne. At mange vil stemme betyr ikkje at Open Folkekyrkje vil få stemmene. Her kan det gå begge vegar, seier han.

Biskop i Agder og Telemark, Stein Reinertsen trur også at fleire enn tidlegare vil stemme ved årets kyrkjeval.

– Mykje tyder på at dette valet engasjerer meir enn tidlegare. Temperaturen i denne saka har nok ein del å seie i samband med det, seier han.

Homodebatt i Kristiansand

Det vart arrangert ein debatt om vigsel av likekjønne under Skeive Sørlandsdager torsdag kveld.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Trur på homofil vigsel raskt

Biskopen har sjølv vore open på at han er imot å vie homofile i kyrkja.

Bård Nylund i LLH trur vigsel av homofile i kyrkja kan vere ein realitet innan kort tid.

– Eg trur ikkje det er lenge til det er på plass ein liturgi som opnar for at likekjønna par kan inngå ekteskap i kyrkja, seier han.

Øivind Benestad i Levande Folkekyrkje trur derimot at det vil ta lengre tid, om det nokon gong vil skje.

– Det vil ta eitt, to eller tre år uansett. I alle fall to om det skulle bli slik. Det blir alt for kort tid før neste kyrkjemøte, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %