Hopp til innhold

– Hatprat er ein trugsel mot lokaldemokratiet

Hatytringar kan skremme folk bort frå å delta i offentleg debatt, meiner rådgivar i KS. Følg NRK sin direktesending frå toppmøtet i Kristiansand.

Khamshajiny Gunaratnam

Sjå sending direkte frå klokka 19.

Foto: Hanne Mellingsæter / Aftenposten

Under Kommunalpolitisk toppmøte i Kristiansand blir det tysdag kveld eit arrangement om hatytringar på i sosiale medier.

Arrangør er KS, kommunesektorens interesse- og arbeidsgivarorganisasjon.

Rådgivar i KS, Christian Hellevang, seier hatyringar har sett sitt preg på den offentlege debatten den siste tida.

– Internett og sosiale medium flaumar over av hatytringar. Både folkevalde og andre utsetjast for slike ytringar. Det store omfanget av flyktningar og migrantar som kom til Noreg i fjor haust har ført til at den offentlege debatten har blitt endå meir prega av hatytringar, seier Hellevang til KS sine nettsider.

Hellevang seier hatprat kan vere ein trugsel mot lokaldemokratiet.

– Hatprat skapar utanforskap, men det er også ein potensiell trugsel mot lokaldemokratiet. Når debattklimaet blir så hardt som enkelte opplevde det hausten 2015, kan det skremme folk bort frå både å delta i det offentlege ordskiftet og frå å ta på seg folkevalde verv. Det er ikkje ei utvikling vi ønskjer fordi det igjen vil svekkje lokaldemokratiet

Arrangementet som startar klokka 19 blir opna av ordførar i Kristiansand, Harald Furre.

Program:

19:00: Åpning/velkommen til arrangementet ved ordførar Harald Furre, Kristiansand kommune

19:03: Kva er hatprat? Kort innlegg v/ Zakia Ahmed Akkouh, Det Europeiske Wergelandsenteret (EWC)

19:15: Ein kort kommentar frå varaordførar Khamshajiny Gunaratnam, Oslo kommune

19:20: Ein kort kommentar frå statssekretær Hanne CS Iversen, Justis- og beredskapsdepartementet

19:25: Dialog mellom Zakia Ahmed Akkouh, Khamshajiny Gunaratnam og Hanne CS Iversen.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %