NRK Meny
Normal

I dag kan gullkampen bli avgjort

Med siger i Bærum søndag har ØIF Arendal eit nytt seriegull halvvegs i lomma. Men sørlendingane møter eit Haslum-lag i storform.

ØIF seriegull

ØIF Arendal vann seriegull i fjor. Her jublar spelarane i Runarhallen der gullet vart sikra.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Haslum har kniven på strupen. Dersom dei vil henge med i gullkampen bør dei slå oss i dag, seier sportsleg leiar i ØIF Arendal, Per Carsten Michelsen til NRK.

Per Carsten Michelsen

Sportsleg leiar i ØIF, Per Carsten Michelsen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Det er dei to suverent beste laga så langt i eliteserien som møtest i splitter nye Nadderud Arena søndag kveld.

Status er følgjande: ØIF Arendal toppar tabellen tre poeng føre Haslum med sju serierundar att.

Med ØIF-siger søndag vil luka vere på fem poeng med 12 poeng att å spele om. Med Haslum-siger vil bærumsklubben vere berre poenget bak, og det ligg an til ein dramatisk serieinnspurt.

Gullkampen i eliteserien

Lag

K

S

U

T

Mål +/-

P

1. ØIF Arendal

15

14

0

1

405

341

28

2 Haslum

15

12

1

2

427

365

25

3. Elverum

15

11

0

4

440

370

20

Ubesigra på bortebane

– Det kjem eit par lag bakfrå som kan hente inn Haslum, så det er nok viktigare for Haslum å vinne enn oss, meiner Michelsen.

Det er formlaget i eliteserien som står på motsett banehalvdel søndag. Haslum har vunne ti strake seriekampar. Det siste tapet kom faktisk mot ØIF Arendal 7. oktober i Sør Amfi.

– Samstundes har ikkje vi tapt ein einaste kamp på bortebane denne sesongen. Det talar til vår fordel, seier Michelsen.

ØIF Arendal har berre tapt to kampar i serie og cup denne sesongen. Begge tapa kom på heimebane.

Gjenståande kampar

ØIF Arendal

Haslum

Elverum

Haslum (B)

ØIF Arendal (H)

Bodø (B)

Drammen (H)

Viking (B)

Drammen (H)

Kolstad (B)

FyllingenBergen (H)

Stord (H)

Runar Sandefjord (B)

Bodø (B)

Halden (B)

Viking (H)

Stord (H)

Runar Sandefjord (H)

FyllingenBergen (B)

Halden (B)

Bækkelaget (H)

Bodø (H)

Elverum (H)

Elverum (B)

– Det er no moroa byrjar

Haslum-trenar Tom Eirik Skarpsno er i alle fall klar på at hans lag er ute etter siger.

Tom Eirik Skarpsno, Haslum

Haslum-trenar Tom Eirik Skarpsno.

Foto: Leif Dalen/NRK

– Vi er skrubbsvoltne, dersom nokon skulle tru at vi var mette etter sesongen så langt. Det er no moroa byrjar, seier Skarpsno til klubben si nettside.

– Vi passar ikkje å spele «sinkehandball». Det har vi ikkje spelarar til. Vi er nøydde til å halde tempoet oppe i 60 minutt skal vi få noko som helst resultat ut av denne kampen, seier han.

Vann i fjor

18. februar i fjor møtte ØIF Arendal Haslum på heimebane.

Då var det sørlendingane som vann 28–23 og sikra to poeng luke med fire kampar att.

No kan altså luka bli på fem poeng med seks kampar igjen å spele.

– Vi har mange vanskelege kampar att etter Haslum-kampen. Vi skal møte både Fyllingen og Kolstad borte. Vi må ta ein kamp av gongen, så får vi sjå, seier Michelsen.

Svenn Erik Medhus, ØIF Arendal

Keeper Svenn Erik Medhus var kampens beste spelar då ØIF slo Haslum på heimebane i fjor.

Foto: Leif Dalen/NRK