NRK Meny
Normal

– Har venta på at det skulle rase

Trine Beth Rasmussen bur i ei av hyttene som er evakuert på grunn av stor rasfare på Hovden. Ho er ikkje overraska over at snøraset kom.

Trine Beth Rasmussen bur i ei av hyttene som er evakuert på grunn av stor rasfare på Hovden. Ho er ikkje overraska over at snøraset kom.

Trine Beth Rasmussen og mannen har fått beskjed om å forlate hytta si på grunn av rasfare.

– Tanken har slått meg heile tida. Om sommaren høyrer vi steinras. Ikkje store steinar, men du høyrer stein som losnar, seier Rasmussen til NRK.

Tre hytter er evakuert på Hovden etter at eit snøras trefte to andre hytter på Hovdenut på Hovden laurdag.

Søndag føremiddag sa ein skredekspert at det kan komme nye ras.

– Den nye snøen ligg på eit ustabilt lag som er tørt og svakt. Det vil ta lang tid før dette er heilt stabilt, seier skredekspert Kjetil Brattlien.

– Leit og trist

– Vi høyrde ikkje om det før morgonen etter at det hadde gått. Eg forstår vel eigentleg ikkje heilt kvar som skjer, seier ho.

Trass i at ho har fått streng beskjed om å halde seg unna hytta gjekk ho likevel inn for å rydde.

– Vi tek våre forholdsreglar og gjer det vi blir bede om. Men eg har rydda vekk mat og vaffelrøre. No er det blitt kaldare og det har slutta å blåse. Eg sa til mannen min at han fekk stå og sjå medan eg gjekk inn. Så får vi gå ut og inn på omgang, seier ho.

– Er du skremd av det som har skjedd?

– Eg er ikkje skremd, men dersom vintrane blir så snørike som no, og at det skjer igjen, så blir det leit og trist, seier ho.

Høyrde smell

Nabohytta til Kjell Egeland vart teke av snøras natt til laurdag. Han var ikkje klar over raset før morgonen etter.

– Vi sat og åt og høyrde eit smell. Vi trudde det var taket på bua som rasa. Dagen etter kom vi oss ikkje ut. Eg måtte gå ut stovevindauget for å komme meg ut, fortel han.

– Vart du skremd?

– Eg vart ikkje skremd, for då var det jo over. Men det er enorme snømengde, som stod over inngangsdøra, seier han.

– Er du overraska over at det har gått ras her?

– Eg er veldig overraska. Tanken har aldri slått meg. Eg trudde det var trygt, seier han.

Egeland har fått beskjed om at han ikkje treng å forlate hytta då politiet meiner at hytta hans er trygg.

– Eg blir, seier han.

Nabohytta til Kjell Egeland ble truffet av et snøras.

Sjå intervju med Kjell Egeland.