Hopp til innhold

– Har ingen respekt for Rosenborg

Start-spelarane er stinne av sjølvtillit etter ein god start på sesongen. No går dei for siger mot serieleiar Rosenborg fredag.

Start går for seier når de møter suverene Rosenborg i eliteserien denne uken. Trønderne har verken tapt eller sluppet inn mål i år, men det skremmer ikke sørlendingene.

VIDEO: Start let seg ikkje skremme av den gode sesongstarten til Rosenborg. Reporter: Kim Nystøl - Foto/redigering: Geir Ingar Egeland.

– Det er kun å senke skuldrene, gle seg og gi dei skikkeleg kamp. Vi har ingenting å tape i ein slik kamp, seier Start-trenar Mons Ivar Mjelde til NRK.

Jesper Mathisen

Jesper Mathisen går for tre poeng mot Rosenborg fredag.

Foto: Geir Ingar Egeland/NRK
Mons Ivar Mjelde

Start-trenar Mons Ivar Mjelde vil gå rett i strupen på trøndarane.

Foto: Geir Ingar Egeland/NRK

Sørlendingane har fått ein god start på sesongen. Med siger mot Hønefoss og uavgjort mot Tromsø er dei gule og svarte ubegsigra så langt.

– Har ikkje respekt for Rosenborg

Men fredagens motstandar Rosenborg har vunne alle sine tre første kampar og står med 9-0 i målskilnad. Søndag knuste dei Sogndal 4-0 på Fosshaugane Campus.

– Vi har fått ein god start på sesongen vi også. Vi har ikkje respekt for Rosenborg sjølv om vi veit at dei er gode, seier stoppar Jesper Mathisen.

– Vi går alltid for å vinne kampen, og vi er faktisk så naive at vi trur at vi kan gjere det også, seier Mjelde.

Start er eitt av laga som har ein ok statistikk på Lerkendal. Sidan år 2000 har laga møttest ti gonger i Trøndelag. Start har teke poeng i tre av oppgjera.

Møter Lund Hansen

– Eg veit at Start har gjort det bra på Lerkendal tidlegare. Det er fordi dei har turt. Veldig mange lag kjem til Lerkendal og legg seg bakpå, seier Mjelde.

– Vi ynskjer at det same skal kjenneteikne oss på Lerkendal, som her på Sør Arena, seier Start-trenaren.

På Lerkendal fredag får Start-gutta også eit gjensyn med Alexander Lund Hansen, som forlot Sørlandet til fordel for trøndarane i august i fjor.

– Vi kjenner alle svakheitene hans, og det er mange skal eg seie deg, ler Jesper Mathisen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %