Hopp til innhold

– Vi har ikkje takla favorittstempelet

ØIF Arendal-trenar Leif Gautestad vedgår at mange av spelarane ikkje har takla favorittstempelet i eliteserien.

Leif Gautestad og Kenny Ekman

Leif Gautestad instruerer Kenny Ekman i onsdagens kamp mot Fyllingen Bergen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Eg veit at spelargruppa er best når dei er utfordrarar. Dei har vel vist at når dei no har vore favorittar og ikkje har klart å få ut potensialet ser eg at dei er prega av det, seier Gautestad til NRK.

Klubben la lista høgt før sesongstart og uttala at målet for sesongen er å ta ein tittel. Samstundes var det mange ekspertar som spådde at laget ville kjempe om medalje i årets eliteserie. Ein av dei var landslagssjef Robert Hedin.

Status så langt er at laget allereie er ute av cupen og dei har tapt tre av dei fem første kampane i eliteserien.

Første heimetap mot Fyllingen

Onsdag kveld tapte laget 21–26 på heimebane mot Fyllingen Bergen. Det var bergensarane sin første bortesiger nokosinne mot ØIF Arendal i eliteserien.

Trass i ein tung sesongstart vil ikkje Gautestad vere med på at dei sikta for høgt.

– Det er for tidleg å seie. Eg føler at så lenge spelargruppa har trua på at dei kan kjempe om titlar, så skal dei få lov til det, seier trenaren.

– Om dei ikkje når målet i år, så trur eg det er mogleg å gjere det neste år, eller året etter, seier han.

Gautestad vil stramme inn

Kaptein Eirik Heia Pedersen har trua på at laget vil snu den dårlege trenden.

– Det kjem nokre dritkampar av og til. Det skjedde i cupen og det kjem nok fleire slike. No må vi sørge for at vi har færre tap enn dei andre laga framover, seier Heia Pedersen.

Sløsing av sjansar og tafatt forsvarsspel har vore melodien i nesten alle kampane til ØIF så langt. No varslar Gautestad ei strengare linje inn mot europacupkampane mot Minsk til helga.

– Eg kjem til å vere knallhardt på å stramme inn det kollektive. Eg ventar lojalitet i spelet og eg vil setje ut folk som ikkje følgjer planen, seier han.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %