Hopp til innhold

– Har aldri vore så glad i Ranheim

Start-keeper Alexander Lund Hansen fyrer opp stemninga før møtet med serieleiar Ranheim på bortebane.

Alexander Lund Hansen

TRUR PÅ SIGER: Alexander Lund Hansen gler seg til å komme til heimbyen og trur på siger mot Ranheim.

Foto: Schrøder, Tor Erik / Scanpix

– Eg har ikkje alltid vore like glad i Ranheim. Så eg håpar at vi slår dei skikkeleg når vi først skal hit, seier Lund Hansen til NRK.no.

– Det er alltid litt gnissingar mellom lokale klubbar i Trondheim. Så slik er det berre, ler sisteskansen.

– Mange gode spelarar

Trønderane har imponert i dei tre første kampane. Med tre sigrar toppar Ranheim 1. divisjon føre Kongsvinger på betre målskilnad. Start ligg allereie fire poeng bak etter ein siger og to uavgjorte kampar så langt.

– Dei har eit godt lag og dei har ein del gode spelarar som er i vasskorpa på komme seg til eliteseriespelarar. Det er det som har vore meininga med Ranheim i lengre tid. Det er mange gode spelarar der, seier den tidlegare Rosenborg-keeperen.

Trass i at Ranheim har vunne rubbel og bit så langt er det ikkje nok til å skremme Lund Hansen og Start-laget. Sørlendingane si klokkeklare målsetjing er å rykkje rett opp igjen til eliteserien.

Ranheim stadion

TABELLTOPP: Ranheim har imponert med tre strake sigrar og toppar 1. divisjon.

Foto: Kallestad, Gorm / Scanpix

Jobbar i det stille

– Det blir nok ein tøff bortekamp, som dei andre bortekampane har vore. Men eg trur vi har gode moglegheiter til å ta tre poeng. Dei er gode på overgangar og har spelarar som er gode på dødball. Vi må unngå dødballar, seier han.

Medan «alle» ventar at Start skal rykkje opp, er forventningane til trondheimsklubben langt mindre. Det meiner Lund Hansen er fordel Ranheim.

– Ranheim er ein klubb som blir spennande å følgje og sjå om dei kan klare å halde seg i toppen. Det er ein klubb som kan jobbe litt i det stille og det er alltid ein fordel, seier Start-keeperen.

– Godt å få litt omsorg

Lund Hansen var tilbake i buret i sist kamp mot Sandefjord etter at innleigde Elias Valderhaug vakta målet mot HamKam. Trønderen trur at trenar Mons Ivar Mjelde vil gi han tillit på nytt.

– Eg føler meg trygg på det. Eg har ikkje høyrt noko anna enn at eg skal spele. Så eg førebur meg som vanleg og reknar med at eg skal spele, seier han.

Start-spelaren gler seg uansett til å komme heim til Trondheim og håpar på støtte frå familie og vener på tribunen.

– Det er alltid godt å komme heim til Trondheim å få litt omsorg. Så det er fint, smiler han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %